Sundheimen – somatisk avdeling – Øygarden kommune Sundheimen
Health and social care Nurse(3 days ago)
Job Description
Published 19-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Sundheimen – somatisk avdeling
Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på somatisk avdeling ?
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Som sjukepleiar hjå oss får du høve til å vere med på å påverke din eigen arbeidskvardag, du får jobbe tverrfagleg i eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase. Avdelinga har kvar vekedag ein sjukepleiar «på topp», som gjer reine sjukepleiefaglege oppgåver, denne rolla rullerast på. Vi har serviceassistentar på avdelingskjøkken 3-4 dagar i veka. Arbeidsmiljøet vårt er vi er stolt av, og du vil bli tatt godt imot hjå oss på somatisk avdeling. Vi kan nyleg starta med mentorordning for nytilsette.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
- Sjukepleiefaglege oppgåver.
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Sørge for god dokumentasjon i CosDoc
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
- Handtere velferdsteknologiske løysningar
- Laboratorie-arbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
Eigenskapar:
- Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Personleg eignaheit blir vektlagt
Anna:
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr år over gjeldande tariff.
- Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år.
- Vernepleiar vil bli vurdert for stilling
- Stillinga er ledig frå medio februar
Vi tilbyr:
- Mentorordning satt i system
- Sjukepleiefaglege utfordringar
- Spennande og variable kvardagar
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Rekrutteringstillegg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Gratis parkering og det er mogleg å lade
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Kontakt:
Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569
janne.thode@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar : Silje Skagen Heimdal , 56160400
Silje.skagen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO