Studiekonsulent ved Fakultet for kunst, musikk design – Universitetet i Bergen
Education Instruktører og pedagoger(1 day ago)
Job Description
Published 18-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Studiekonsulent ved Fakultet for kunst, musikk design
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Studiekonsulent/-koordinator
Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig 100% fast stilling som studiekonsulent / -koordinator. Stillinga er i første omgang særleg knytt til studieprogramma på Kunstakademiet, men vil også kunne relaterast til andre studieprogram og studierelatert prosesser ved fakultetet.
Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) har kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking, utdanning og formidling innan kunst, musikk og design som sitt hovudformål. Gjennom dei ulike studieprogramma skal KMD utdanne skapande kunstnarar, designarar, musikarar, pedagogar, musikkvitarar og musikkterapeutar. Fakultetet ønsker å tilby eit godt læringsmiljø for studentane, og arbeider målretta for å få til dette. For tida har fakultetet kring 650 studentar fordelt på bachelor- og masternivå. Meir informasjon finn du på vår nettside.
Som studiekonsulent inngår du i ein studieadministrativ gruppe på om lag 12 medarbeidarar på fakultetet.
Studiekonsulenten rapporterer til studiesjef ved fakultetet, og samarbeider i det daglege tett med programstyreleiar og fagmiljø, forutan studentar på Kunstakademiet.
Fakultetet søker ein erfaren medarbeidar som raskt kan sette seg inn i arbeidsprosesser, og legge til rette for ein god arbeidsflyt mellom fagmiljø og studieadministrasjon i det aktuelle fagfeltet.
Arbeidsoppgåver:
- Programadministrasjon og koordinering av studieprogramma ved Kunstakademiet
(eks. fleire sekretærfunksjonar, med oppfølging og forvaltning) - Administrativt bindeledd mellom programnivået, og andre nivå i fakultetet, derunder også verkstadene
- Sakshandsaming og vedlikehald av arkiv og studiedata (Elements, FS, Mitt UiB, mm)
- Ansvar for arbeid med emne- og studieplanar (FS, EpN)
- Informasjonsarbeid mot studentar og tilsette i programma
- Medverking i utviklingsoppgåver og implementering av fagadministrative system
- Koordinere arbeid med årsplanlegging og timeplanar mellom fakultetet, verkstad og fagmiljø/- leiing
- Koordinere prosessar i tilknyting til kvalitetssystemet
- Rettleiingsoppgåver som krevjar særs god innsikt i det faglege arbeidet og programma
- Prosjektstøtte
-
Delta i tilhørande studieadministrative prosessar, som opptaksarbeid av studentar, studentmobilitet/internasjonalisering, eksamensavvikling og korrektur av vitnemål, nettsideinformasjon
Arbeidsstad og arbeidsoppgåver vil i hovudsak være på Kunstakademiet, Institutt for samtidskunst, men kan variere. Den som vert tilsett må også rekne med å gjere generelt sakshandsamingsarbeid innanfor studieadministrasjonen sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande utdanning, gjerne innafor relevant fagområde som stillinga er retta mot
- Den som vert tilsett må kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
- God kjennskap til, eller røynsle frå kunstfeltet i universitets- og høgskulesystemet kan være eit føremon.
Tilsvarande gjeld også for frå kulturfeltet og evt skuleverket - Det er naudsynt med god IT- kompetanse. Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og god erfaring med andre digitale verktøy er eit føremon, særleg Elements, FS, Microsoft/Office-pakken, Canvas (MittUiB), og andre digitale kommunikasjonsverktøy
- Den vert tilsett må ha god organisasjonsforståing, være systematisk og grundig, og kunne handtere store mengder informasjon og forvalte denne
- Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt. For eksempel sjølvstende, fleksibilitet, samt god forståing og evne til kommunikasjon og samarbeid i komplekse arbeidsprosessar og arbeidskulturar i fakultetet
Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på desse komponentane, og på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø, mellom utdanning- og det profesjonelle kunstfeltet
- Muligheit for vidareutvikling og kompetanseheving
- Løn som seniorkonsulent ( Kode 1363 ) med årsløn kr. 557 100 – 594 500 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse med god tenestepensjonsordning, mogleg bustadlån til gunstig rente, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Studiesjef Hilde Skare, hilde.skare@uib.no. eller fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, eli.hoie@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Instruktører og pedagoger |
Sted | BERGEN (Adresse: Møllendalsveien 61 Postnr: 5009) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-01-2025 |