Job Description

Published 21-03-2025
Deadline: 13-04-2025

Studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Institutt for framandspråk

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

Studiekonsulent (seniorkonsulent) ved Institutt for framandspråk  

Velkomen som søkjar til ei fast stilling som studiekonsulent ved Institutt for framandspråk (100%), Universitetet i Bergen. Hovudoppgåva i stillinga er å følgje opp fag og studentar ved instituttet. Tilsetjing 1. august 2025 eller etter avtale.

Institutt for framandspråk har ni språkfag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk. På desse faga blir det forska og undervist i disiplinar som språk, litteratur, fagdidaktikk og historie/kulturkunnskap. Staben ved instituttet har kring seksti fast vitskapleg tilsette, om lag tjue stipendiatar og postdoktorar og elleve administrativt tilsette. Meir informasjon om instituttet ligg på www.uib.no/fremmedsprak.  

Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet. Stillinga som studiekonsulent inngår i instituttadministrasjonen, der administrasjonssjefen er dagleg leiar. Dei fleste i administrasjonen arbeider på studiefeltet, og fagporteføljen er delt slik at kvar studiekonsulent har ansvaret for eitt eller fleire av dei ni faga ved instituttet. I tillegg vil den som blir tilsett, jobbe saman med andre kollegaar i  administrasjonen med eitt eller fleire satsingsområde («spesialfelt») ved instituttet. Dette arbeidet er knytt til strategiske satsingar som internasjonalisering, studentrekruttering, studiekvalitet og læringsmiljø og gir grunnlag for fagleg utvikling i stillinga.  

Fagtilbodet strekkjer seg frå innføringsnivå og opp til master- og doktorgrad, og med innslag av vidareutdanningstilbod i tillegg til dei meir ordinære utdanningsprogramma. Studiekonsulenten samarbeider nært med andre studieadministrativt tilsette ved instituttet og fakultetet og med fagkoordinator og andre undervisarar på faga. Arbeidet i studiegruppa ved instituttet blir leia av studieleiar.  

Arbeidsoppgåver:

Stillinga har ansvaret for å følgje opp eitt eller fleire av faga ved instituttet studieadministrativt. Dette inkluderer m.a. desse oppgåvene:  

  • rettleie, ta imot og følgje opp studentar  
  • delta i vidareutvikling av programporteføljen 
  • vere sekretær for programstyre (kvart fag har eit eige programstyre)  
  • arbeide med studie- og emneplanar, og anna studiekvalitetsarbeid  
  • handsame studentsaker  
  • ta del i studentrekrutterings- og informasjonsarbeid  
  • planleggje og følgje opp eksamen 
  • delta i undervisningsplanlegginga (timeplanarbeid)  
  • ta del i utviklinga av rutinar på det studieadministrative feltet  
  • vere med i fagleg-administrative nettverk  
  • jobbe særskilt med eitt eller fleire satsingsområde («spesialfelt») i administrasjonen  

Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver enn dei som i utgangspunktet er lagde inn i stillinga. 

Kvalifikasjonskrav 

  • mastergrad (lang relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning)  
  • praksis frå relevant administrativt arbeid
  • effektivitet, orden, evne til å følgje opp arbeidsoppgåvene fram til ferdig resultat, evne til å takle periodar med høgt arbeidspress og til å halde kontinuerleg oversyn over tidsfristar  
  • motivasjon for å arbeide med studentar og interesse for faga ved instituttet  
  • gode evner til å kommunisere skriftleg og munnleg  
  • evne til å uttrykkje seg godt på engelsk og norsk (inkludert skriftleg på både engelsk, nynorsk og bokmål)  
  • sjølvstende, fleksibilitet, gode samarbeidsevner.  

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar i tilsetjinga.  

Det er ein føremon om du har

  • arbeidserfaring frå høgare utdanning, og gjerne med studieadministrasjon 
  • kjennskap til fag ved instituttet, gjerne frå eige studium 
  • erfaring med internasjonaliseringsarbeid 

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø 
  • løn som seniorkonsulent (kode 1363) med ei årsløn frå kr. 575 000,- til kr. 625 000,-, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.  
  • medlemskap i Statens pensjonskasse  
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)  
  • fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Du kan få vite meir om stillinga om du kontaktar studieleiar Deirdre Smith på tlf. 55 58 39 69 eller e-post deirdre.smith@uib.no, eller administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug på tlf. 55 58 22 81 eller e-post arve.uthaug@uib.no.  

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Send søknad og CV elektronisk via «SØK STILLINGEN» på denne sida.  

Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det. Nærare om tilsettingsprosessen her.  

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.  

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Instruktører og pedagoger
Sted BERGEN (Adresse: Christiesgt. 18 Postnr: 5020)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5fd71288-84fb-4039-8c25-4ca21a45f779
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/277804

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31