Job Description

Published 14-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Strategisk innkjøpar Leikanger eller Bergen

Vestland fylkeskommune er mellom dei største offentlege oppdragsgjevarane i regionen, og søkjer strategisk innkjøpar til innkjøpsseksjonen. Kontorstad for stillinga er Leikanger eller Bergen.

Innkjøpsseksjonen har ansvar for samordning, oppfølging og utvikling av innkjøpsområdet i fylkeskommunen. I tillegg har seksjonen ansvar for tilrettelegging og bruk av IKT-verktøy i samband med innkjøpsverksemda. Seksjonen har totalt 20 medarbeidarar og er organisert i ei eining for operativt innkjøp, ei for strategisk innkjøp og ei for administrativ drift og utvikling. 15 av medarbeidarane har kontorplass i Vestlandshuset i Bergen sentrum og 5 har kontorplass i Leikanger, ein liten halvtime frå Sogndal med bil eller buss.

Eining for strategisk innkjøp arbeider primært med etablering og administrasjon av rammeavtalar, og gjennomføring av større einskildkjøp der beløpet er over 1,3 MNOK. Rådgjeving og leverandørutvikling er òg sentrale oppgåver. Eining for strategisk innkjøp har totalt 11 medarbeidarar.

Innkjøpsseksjonen er i ferd med å etablere ei gruppe som skal drive avtaleforvaltning og -oppfølging, og strategisk innkjøpar skal saman med avtaleforvaltar sikre ein god overføringsprosess når kontrakten skal gå frå anskaffing til forvaltning.

Arbeidsoppgåver

Til den ledige stillinga som rådgjevar/spesialkonsulent søkjer vi deg som ønskjer å bidra til effektiv bruk av samfunnet sine ressursar gjennom å leie og kvalitetssikre innkjøpsprosjekt og -prosessar i samsvar med regelverket for offentlege anskaffingar. Dette omfattar å kartlegge marknaden og behova saman med brukarar/interessentar i Vestland, utarbeide konkurransegrunnlag og kontraktsforslag, analysere tilboda som kjem inn, gjennomføre forhandlingar, dokumentere tilrådd løysing, ferdigstille kontraktar og følgje opp desse.

Som tilsett i innkjøpsseksjonen vil du i det daglege arbeide operativt innafor innkjøpsområdet og vil i tillegg gje innkjøpsfagleg støtte og rettleie kollegaer i både eigen eining og i andre delar av fylkeskommunen.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer primært deg som har jobberfaring frå innkjøp eller prosjektleiing, gjerne i offentleg sektor. Vi vil vurdere innkomne søknader og kan også tilsette nyutdanna. Utdanning og jobberfaring vil avgjere om søkjar blir innplassert som rådgjevar eller spesialkonsulent. Det må av fram av søknad om ein søkjer på stilling som rådgjevar eller spesialkonsulent, og likeins kvar ein vil ha kontorplass.

Vestland fylkeskommune har ein politisk vedteken innkjøpsstrategi der m.a. sosialt ansvar, løns- og arbeidsvilkår, seriøsitetskrav, miljøvennlege og bærekraftige innkjøp, leverandøroppfølging, forhandlingar, kategoristyring, behovsanalysar, bruk av balanserte standardavtalar og personvern vert sett på som viktige element. Erfaring frå eitt eller fleire av desse områda vert sett på som positivt.

Utdanning:

  • Ønskeleg med utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule innan økonomi, rettsvitskap, samfunnsvitskap eller liknande.
  • Søkjarar med master vil bli innplassert som rådgjevar
  • Anna utdanning kan og vurderast.

Jobberfaring:

  • Ønskjeleg med erfaring frå innkjøps- og prosjektarbeid.
  • Nyutdanna kan og søkja.

Personlege eigenskapar

  • Kommersiell teft.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Analytiske og strategiske evner.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Høg etisk standard.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Eit godt og utfordrande fagleg miljø med høgt tempo.
  • Fagleg dyktige kollegaer med stort engasjement for faget og arbeidsplassen sin.
  • Varierte arbeidsdagar med ulike oppgåver og utfordringar.
  • Moglegheit for heimekontor inntil 2 dagar i veka.
  • Kontorplass i rehabilitert fylkesbygg i Leikanger eller i nytt fylkesbygg i Bergen.
  • Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsvilkår i tillegg til konkurransedyktig løn.

Kontaktinformasjon

Sturla Alvheim, leiar, 92489670
Katrine Røkke Wilson, Seniorrådgjevar, 91769150

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4894923340
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver ORO – Strategisk innkjøp, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside https://www.vestlandfylke.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted LEIKANGER (Adresse: Askedalen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/06c617f2-d21b-420b-9e3f-4fbe5fac2255
IMPORTAPI