Støttekontakt – Heimetenestene, Sykkylven kommune
Education Barnehage- og skolefritidsassistenter(4 måneder ago)
Job Description
Published 28-08-2024
Deadline: 31-12-2024
Støttekontakt
Heimetenestene i Sykkylven kommune søkjer fleire støttekontakter!
Våre tenestemottakarar er voksne og eldre med ulike interesse og ulike behov for sosialisering og integrering. Vi har derfor behov for støttekontakter av begge kjønn i ulike aldergruppe og med ulike interesser. Ei støttekontakt er ein brubyggar til sosial aktivitet og deltaking, der målet er å gi mennesker moglegheit til ei meiningsfull fritid.
Det å vere støttekontakt er eit spennande, meiningsfylt og lærerikt oppdrag, der du i stor grad kan styre og påverke di eiga arbeidstid.
Ønsker du å bidra – kan dette vere oppdraget for deg!
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å gi mennesker ein aktiv og meiningsfull fritid
- Tilrettelegge og motivere for deltaking i sosial aktivitet
- Bidra til å redusere sosial isolasjon
Kvalifikasjonar
- Du må vere pålitelig. trygg på deg sjølv og ha interesse for å jobbe med mennesker
- Det stillast ingen krav til formell utdanning
- Det kan vere ein fordel med erfaring fra arbeid med mennesker
- Som støttekontakt må du kunne holde avtalar, sette grenser og forholde deg profesjonelt til rolla di
- Du må vere over 18 år
- Førarkort klasse B er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du må være pålitelig, sosial og ha evne til å vise respekt overfor brukaren
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden
Kontaktinformasjon
Linda Søvik, avdelingsleiar, 91898759, linda.sovik@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 4853389379
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Heimetenestene, Sykkylven kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. |
Webside | http://www.sykkylven.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | SYKKYLVEN (Adresse: Haugneset 16 Postnr: 6230) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-12-2024 |