Stipendiat i latinamerikansk historie på DARKLAX-prosjektet – Universitetet i Bergen

Education Research work

(23 hours ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 21. November 2024
  •  Expire date: 12. January 2025
Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Stipendiat i latinamerikansk historie på DARKLAX-prosjektet

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiatstilling i latinamerikansk historie på DARKLAX-prosjektet

Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i latinamerikansk historie ved Institutt for framandspråk. Planlagd oppstart er 1. juni 2025 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Utlysinga er open for søkjarar innanfor ramma av DARKLAX-prosjektet, The Dark Side of Sustainability: Norway and the Rise and Fall of Salmon Farming in Chile. A transnational history of the future (1970-2030). Prosjektet er leia av førsteamanuensis Ernesto Semán. 

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, kinesisk, engelsk, fransk, tysk, italiensk, japansk, russisk, spansk språk og latinamerikastudiar. Det blir undervist og forska i disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, historie/kulturkunnskap og didaktikk (http://www.uib.no/fremmedsprak). Instituttet har kring 60 fast tilsette i vitskaplege stillingar, rundt 20 stipendiatar og postdoktorar og elleve administrativt tilsette.

DARKLAX  er eit forskingsprosjekt om historia om lakseoppdrett i Chile sett frå eit transnasjonalt og tverrdisiplinært perspektiv. Prosjektet analyserer omforminga av det sørlege Chile frå slutten av 1960-åra til eit globalt senter for eksperimentering med økonomiske, vitskaplege, sosiale og retoriske teknologiar for sosial endring og kontroll, og for radikal omdanning av tilhøvet mellom samfunnet og den meir-enn-menneskelege verda («more-than-human world»). Prosjektet utforskar òg ringverknadene utover Latin-Amerika og ser på endringar i miljø, samfunn og politikk i regionen direkte knytt til veksten i lakseoppdrett i Chile. Industrien blir analysert innafor eit rammeverk av fleir-arts-historie innanfor kapitalismen, med fokus på menneskelege og ikkje-menneskelege endringar knytt til det auka presset for å skape og utvinne naturressursar. I historisk perspektiv ser DARKLAX-prosjektet lakseoppdrett som ein del av ei lang latinamerikansk historie om råvarer frå den columbianske utvekslinga og fram til vår tid, ein historisk prosess som på avgjerande vis har definert regionen miljømessig, politisk og økonomisk og forma samhandlinga med resten av verda.

Med utgangspunkt i dette rammeverket, skal kandidaten kome med ei førebels skisse til tema for prosjektet. Denne prosektskissa, som skal leggjast ved søknaden, vil bli utvikla vidare i samarbeid med prosjektleiar Ernesto Semán etter tilsetjing i stillinga. Med utgangspunkt i fleir-arts-historie og varehistorie skal prosjektet styrke drøftinga innanfor DARKLAX om førestillinga om berekraft i Latin-Amerika gjennom å tilføre perspektiv og historiske studiar. Desse studiane treng ikkje ta utgangspunkt i lakseoppdrett. Moglege forskingsfelt inkluderer, men er ikkje avgrensa til:

  • lakseoppdrett og akvakultur i Chile og/eller resten av Latin-Amerika
  • miljøhistorie frå det moderne Latin-Amerika
  • latinamerikansk varehistorie
  • intellektuell historie knytt til omgrepet «berekraft» i Latin-Amerika
  • historie om teknologi og naturressursar i Latin-Amerika
  • fleir-arts-historie/historier innanfor kapitalismen i det moderne Latin-Amerika
  • kolonialisme, imperialisme og antropocen i Latin-Amerika
  • Latin-Amerika og naturressursar
  • politiske regime og antropocen i Latin-Amerika

Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida blir nytta til anna karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Sett under eitt, inneber det at 2,5 av fire år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet. 

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i historie eller eit anna fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Najonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og opptakskrava for ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må meistre engelsk og spansk flytande.
  • Søkjaren må leggje ved ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut ei doktorgradsavhandling innafor DARKLAX-prosjektet, saman med ein framdriftsplan for prosjektet.
  • Søkjarar blir vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter pkt. 2.1 i Ph.d.-programmet.
  • Dokumenterte ferdigheiter i arkivarbeid, munnleg historie og/eller andre aktuelle historiefaglege metodologiske tilnærmingar er ein føremon.
  • Erfaring frå formidlingsarbeid er ein føremon.

Ved vurdering av søknadene blir det lagt vekt på både den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførlege dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjaren. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn tilsvarande lønssteg 55 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei bruttoårsløn på kr 540 500. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske cv-skjemaet. Søknaden skal innehalde:

  • prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring. Skissa må òg tydeleg vise korleis ph.d.-prosjektet passar inn i det overordna DARKLAX-prosjektet.
  • litteraturliste for prosjektskissa  
  • framdriftsplan for prosjektet  
  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV 
  • karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer omfanget av oppgåvai ECTS.
  • eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider) 
  • liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar eller tekstutdrag (inntil tre)
  • relevante attestar
  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
     

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing til engelsk eller eit skandinavisk språk. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilte tilfelle be om ettersending av dokumentasjon. 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Nærare om tilsetjingsprosessen her. 

Andre opplysningar:

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.  

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.   

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.  

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Martin Paulsen på e-post m.paulsen@uib.no eller telefon +47 55 58 23 86. Spørsmål om DARKLAX-prosjektet kan rettast til prosjektleiar Ernesto Semán på e-post ernesto.seman@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

 Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Forskningsarbeid
Sted BERGEN (Adresse: Christiesgt. 18 Postnr: 5020)
Stillingstype Åremål Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f0d6ca81-d8ee-4251-8b36-9e49911608a7
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271256