Stipendiat i klimadynamikk – Universitetet i Bergen

Education University and Collage

(3 days ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 19. November 2024
  •  Expire date: 1. January 2025
Job Description

Published 19-11-2024
Deadline: 01-01-2025

 

Stipendiat i klimadynamikk

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som stipendiat i fysisk oseanografi/klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjekta PARCIM, Dynasor og Combined (finansiert av henholdsvis Bjerknessenteret for klimaforskning og Norges Forskningsråd).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Atlanterhavet viser markant tiårig til fleirtiårig temperaturvariasjon. Desse endringane i temperatur gir store konsekvensar, og påverkar arktisk klima, ekstremvêr og marine økosystem. Doktorgradskandidaten vil arbeida med fleire nøkkelspørsmål rundt klimavariabilitet i det nordlege Atlanterhavet. Dette inkluderer hav-atmosfære koplingar, rollane til naturleg variabilitet og eksternt pådrag, og samanhengen mellom Atlanterhavet og høgare breiddegrader.

Doktorgradskandidaten vil nytta seg av ein ny reanalyse som kombinerer moderne dataassimilering og paleo-rekonstruksjonar. I tillegg vil kandidaten designe og gjennomføre dedikerte modelleksperiment, som vindstress-pacemaker-forsøk .

Som stipendiat ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen vil du også vere knytt til Bjerknessenteret for klimaforskning. Bjerknessenteret er Nordens største naturvitskaplege forskingssenteret på klima og har eit bredt internasjonalt miljø.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må hå oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller    liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ein god forståing for hav og/eller klimadynamikk er eit krav.
  • Erfaring med analyse av hav/klimadata (observasjonar eller modell) er eit krav.
  • Kompetanse innan vitskapeleg programmering (for eks. Matlab og Python) er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting  på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til
førsteamanuensis Lea Svendsen (Lea.Svendsen@uib.no) eller dr. Marius Årthun (Marius.Arthun@uib.no).

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Maria Svåsand (Maria.Svasand@uib.no).

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.       

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted BERGEN (Adresse: Allegaten 70 Postnr: 5007)
Stillingstype Åremål Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/089d4bd3-67ca-4289-bd2a-67e9095771ca
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271007