Job Description
Published 19-12-2024
Deadline: 13-01-2025
Stipendiat i akustikk
UiB – Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Stipendiat i akustikk
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i akustikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Ønska startdato er innan september 2025. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen som del av SFI Smart Ocean, eit senter for forskingsdriven innovasjon. Stipendiaten vil arbeide under rettleiing frå Universitetet i Bergen og Odfjell Technology, Bergen, og vil ha arbeidsstad hos begge.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ph.d.-prosjektet har arbeidstittel Wideband Methods for Complex Acoustic Waveguides (breibands-metodar for komplekse akustiske bølgjeleiarar). Dette er ei flott mogelegheit til å arbeide med ultralyd/akustikk og signalanalyse i forskingsfronten, med kort avstand til industrielle bruksområde og nær kontakt med industripartnarar.
Akustiske metodar nyttast i ikkje-destruktiv evaluering (NDE, “non-destructive evaluation”) og strukturell tilstandsovervaking (SHM, “structural health monitoring”) av mekaniske konstruksjonar. Mellom anna nyttar ein GUW-forplantingsmodar (“guided ultrasonic waves”), for å detektere endringar som til dømes sprekkdanning, dimensjonsendringar, delaminering, korrosjon, erosjon og avleiringar.
Ph.d.-prosjektet vil opparbeide oversikt over forskingsfronten med omsyn til GUW for overvaking av strukturell helsetilstand, og over relevante akustiske breibands-metodar. Dette dannar utgangspunkt for studium av breibands-metodar for NDE og SHM på mekaniske konstruksjonar. Arbeidet inneber kombinert bruk av matematiske, numeriske og eksperimentelle metodar. Industrielle applikasjonar i SFI Smart Ocean sitt konsortium vil verte brukte som eksempel for ph.d.-arbeidet og dermed også få særleg merksemd som teknologiske mål og potensielle “spin-offs” i forlenging av prosjektet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi inviterer deg til å søkje viss du har kvalifikasjonane som er lista som krav nedanfor.
La òg søknaden vise tydeleg kva kvalifikasjonar du har blant dei som er lista som fordelar.
Krav:
- Søkjarar må vere i det siste året av mastergradsstudiet, eller må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk eller tilsvarande disiplin. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd, med resultat i samsvar med opptakskrava til ph.d.-studiet, innan 31. august 2025.
- Dokumentert utdanning eller arbeidserfaring innan alle dei følgjande tema er eit krav:
- Akustikk med vekt på ultralyd, med minimum 10 studiepoeng, eller tilsvarande bakgrunn som er relevant for prosjektet,
- eksperimentelt arbeid som inkluderer innsamling og prosessering av akustiske, elektromagnetiske eller elektriske signal,
- programmering.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Fordelar:
- Dokumentert utdanning eller arbeidserfaring innan dei følgjande tema tel som fordelar i rangeringa av kandidatane:
- Akustiske bølgjer i faste stoff,
- akustiske bølgjeleiarar,
- numerisk modellering i akustikk,
- programmering i Python eller MATLAB,
- akustiske transdusarar,
- signalanalyse, digital signalbehandling,
- målevitskap,
- vitskapleg skriving og publisering.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til denne stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 12 veker, kan stillinga verte tilbydd til ein annan søkjar.
Om SFI Smart Ocean
SFI Smart Ocean er eit senter for forskingsdriven innovasjon, med Universitetet i Bergen som vertsinstitusjon og delvis finansiering frå Forskningsrådet. Senteret tar sikte på å skape eit trådlaust observasjonssystem for multi-parameter overvaking av undervassmiljø og marine installasjonar. Systemet, basert på autonome smartsensorar, vil tene som eit mogeleggjerande fundament for å realisere fleksible, distribuerte, robuste, energieffektive, kostnadseffektive og trygge marine målingar og handsaming av «big data», for å løyse utfordringar i samfunn og næringsliv. Akustiske teknologiar er sentrale for både sensorutvikling og undervasskommunikasjon, og er derfor inkluderte i fleire av senteret sine aktivitetar.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-programmet.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen din for å søkje stillinga. Utgreiinga må svare eksplisitt på kvart kvalifikasjonskrav som er lista ovanfor, under «Krav», med forklaring av korleis du tilfredsstiller dei. Teksten skal òg adressere lista med «Fordelar» som tel som fordelar i rangeringa av kandidatane.
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for oppnådd bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting frå lærestaden om at mastergradsoppgåva er i arbeid, med leveringsfrist og antatt dato for sensur. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrifter og/eller vitnemål før du kan starte i stillinga.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge. Dersom dei originale dokumenta ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Institutt for fysikk og teknologi ved førsteamanuensis Audun Oppedal Pedersen (hovudrettleiar), tlf. +47 5558 2785, e-post audun.pedersen@uib.no, eller professor Per Lunde, tlf. +47 5558 2786, e-post per.lunde@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: 974799154 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Universitet og høyskole |
Sted | BERGEN (Adresse: Christiesgt. 18 Postnr: 5020) |
Stillingstype | Åremål Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-01-2025 |