Stilling som stipendiat på spennande straffegjennomføringsprosjekt – Universitetet i Bergen
Education University and Collage(15 hours ago)
Job Description
Published 06-11-2024
Deadline: 12-12-2024
Stilling som stipendiat på spennande straffegjennomføringsprosjekt
UiB – Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga
Ved Det juridiske fakultet i Bergen lyses det ut ei stipendiatstilling i eit straffegjennomføringsprosjekt finansiert av Norges forskningsråd.
Prosjektet vil sjå nærare på utfordringane i dagens straffegjennomføringslovgjeving, med særleg fokus på fengselsstraff og alternativ til dette. Prosjektet vil undersøkje dei rettslege og filosofiske grunnlaga for straff, ulike alternativ for straffegjennomføring og dermed òg moglegheitene for ei meir rettferdig og effektiv straffegjennomføring i tråd med føremålet til straffegjennomføringslova om å «motvirke nye straffbare handlinger på en måte som er betryggende for samfunnet». Prosjektet vil nytte ulike forskingsmetodar, inkludert rettsdogmatisk og empirisk analyse. Nærare informasjon om prosjektet er tilgjengeleg på https://www.uib.no/jur/expun/173332/om-prosjektet-ex-pun. Full prosjektskildring kan ein få ved å kontakte prosjektleiar.
Dei norske reglane innanfor straffegjennomføringsrett er prega av fragmentering, men òg av utstrekt bruk av skjønn. Kompetansefordelinga mellom domstolane og Kriminalomsorga står i eit klart spenningsforhold, der domstolane til dømes idømmer samfunnsstraff, men Kriminalomsorga avgjer moglegheita for fotlenkesoning. Prosjektet krev difor stor grad av nysgjerrigheit, sjølvstende og evne til nytenking for å kunne oppdage og analysere reglane på ein tilfredsstillande måte. Stipendiaten bør ha interesse for både rettsteoretiske og rettssosiologiske studiar.
Det er forventa at stipendiaten tek aktivt del i lokale møter og seminar med aktørgrupper (Kriminalomsorga, NIM, Wayback m.fl.), samt deltek på tre internasjonale seminar der prosjektets advisory board vil gi råd og innspel til prosjektet.
EX-PUN tilbyr ei unik moglegheit til å vere med på å byggje opp Noregs sterkeste forskingsmiljø innan straffegjennomføringsrett. EX-PUN er eit samarbeid mellom Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen og Nalsar University of Law i India, og vil difor òg gi høve til å knyte internasjonale kontaktar og bidra til endring utanfor Noregs grenser.
Stillinga er for ein periode på tre år, som kan bli forlenga til fire år dersom den som vert tilsett også er kvalifisert til å undervise på dei obligatoriske emna på fakultetet sitt masterprogram.
Tiltreding etter avtale.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Du må gjennom karakternivå og/eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du må ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget
- Du må ta aktivt del i utviklinga av eit godt fagmiljø
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga
Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet sitt doktorgradsprogram er til vanleg norsk. Eventuell undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske emna i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.
Prosjektskildringa skal vere på 3-4 sider, og ho skal innehalde ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskarutdanninga. Prosjektet skal ta opp relevante problemstillingar for norske rettsforhold, gjerne inkludert komparative analyser og/eller empirisk kartlegging. Prosjektskildringa skal følgje dei krava til innhald som står i rettleiinga for søkjarar til stipendiatstilling.
Om forskarutdanninga:
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d-grad innanfor ei tidsramme på tre år.
I tillegg til å fylle det generelle kravet for tilsetjing, må søkarane fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program. Fakultetet nemner opp ein rettleiar for kandidaten etter tilsetjing og opptak på ph.d.-programmet.
Vi tilbyr
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Løn etter lønssteg 55-59 (kode 1017) ut frå relevant praksis. Dette ligg for tida i spennet mellom kr 540 500 og kr 575 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- Søknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen). Brevet skal gi ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette samsvarer med prosjektmåla i EX-PUN-prosjektet.
- CV (fyllast ut i søknadsportalen).
- Prosjektskildring på 3-4 sider (skriftstørrelse 11, enkel linjeavstand). Skildringa skal innehalde ei beskriving av ph.d.-prosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode, og ein plan for gjennomføringa av prosjektet. Prosjektet må vere fagleg relatert til EX-PUN.
- Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål for mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert, samt relevante attestar.
- Vitskaplege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste).
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved offisiell dokumentasjon som viser kva for karakterar på vitnemålet som er på eit høgt fagleg nivå, og kva for kriterium som ligg til grunn for ei slik vurdering.
- Søkjarar med utanlandsk utdanning må òg leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen eller vitskaplege arbeid ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarer med norsk mastergrad. Sjå Godkjenning av utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.
- All dokumentasjon må vere lagd ved søknaden. Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Fakultetet gjev inga vurdering av søknadene på førehand.
Du må laste opp søknad og vedlegg i Jobbnorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen».
Generell informasjon:
Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju.
Utfyllande opplysningar om stillingane kan du få ved å vende deg til HR ved fakultetet, hrjur@uib.no, eller til prodekan for forsking Ragna Aarli, ragna.aarli@uib.no. For meir informasjon om prosjektet kan prosjektleiar Henriette N. Tøssebro kontaktes på +47 405 32 100 eller e-post henriette.tossebro@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Vi viser elles til rettleiing for søkjarar til stipendiatstilling som du finn på denne nettsida:
https://www.uib.no/jur/24432/reglement-og-retningslinjer
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det juridiske fakultet – Les meir om fakultet her. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Universitet og høyskole |
Sted | BERGEN (Adresse: Dragefjellet, Bergen Postnr: 5010) |
Stillingstype | Åremål Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-12-2024 |