Stella Maris
Stella Maris søkjer etter ferievikarar for perioden 16.06.25 – 24.08.25. Ferievikariat på Stella Maris har ulik turnusordningar.
Vi søkjer:
– sjukepleiar/vernepleiar og andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial, eller pedagogiske fag
– helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar
Ufaglærte og studentar er også velkommen til å søkje
Du må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B1/B2. Må ha gode kommunikasjonsevne.
For arbeid innan helse- og omsorg er normalaldersgrensa 18 år, men vi oppmoder dei som fyller 17 år før ferieperioden tek til om å søkje.
Aktuelle tenestestadar tilknytt Helsehuset Stella Maris er
2 langtidsavdelingar
1 korttidsavdeling
Arbeidsoppgåver:
– ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
– utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk
– ivareta krav i høve dokumentasjon
Vi tilbyr
– godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
– løn etter gjeldande avtaleverk
– vi har rekrutteringsløn til legestudentar og høgskulestudentar innan helse- og sosialfag, fysioterapeut og pedagogiske fag når dei går inn i stillingar/vikariat med arbeidsområde innan helse- og omsorg.
– gode pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Som søkjar må du setje opp ønskja arbeidsplass etter prioritet. Du må presisere kva ferieperiode du ønskjer å arbeide . Søkjarar som kan arbeide heile ferieperioden og heiltid kan bli prioritert.
Om du har søkt eller skal søkje ferievikariat i andre einingar i kommunen er det ønskeleg at dette opplysast i prioritert rekkefølge.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor leverast.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver |
Vestnes kommune Helsehuset Stella Maris orgnr: |
Kort om arbeidsgiver |
Stella Maris ligg i Vestnes sentrum nær bussknutepunkt. Vi har 64 institusjonsplasser fordelt på 3 avdelingar – Ei korttidsavdeling med 16 plassar og to langtidsavdelingar med 24 plassar i kvar.
Helsehuset Stella Maris er eit heilt nytt bygg som vi tok i bruk april 2021. Her finn du både legesenter, heimeteneste, tenestekontor, bibliotek, frivilligsentral, kafe og institusjonsplassar. Omsorgsdelen er rusta for framtida, med godt utbygd og installert velferdsteknologi.
|
Webside |
|
Bransje |
Natur og miljø |
Yrke |
Naturvitenskapelige yrker |
Sted |
VESTNES (Adresse: Brugata 6 Postnr: 6390) |
Stillingstype |
Feriejobb Heltid Antall stillinger: 30 |
Sektor |
Offentlig |
Krav |
Norskkunnskaper |
Tiltredelse |
Unknown |
Søknadsfrist |
16-03-2025 |
Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/efaf6ac5-8bd6-4670-9790-95ef2f90235f
IMPORTAPI