Stabskonsulent – Voss sjukehus, Helse Bergen

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(16 hours ago)

  • VOSS
  •  Post Date: 29. September 2024
  •  Expire date: 21. October 2024
Job Description

Published 29-09-2024
Deadline: 21-10-2024

 

Stabskonsulent

Me søkjer ein dyktig og engasjert person til Stab ved Voss sjukehus. Du vil vere ein viktig del av vårt administrative team og bidra til at sjukehuset fungerer smidig. Dette er ei variert rolle som krev høg grad av serviceinnstilling, sjølvstendigheit og gode kommunikasjonsferdigheiter.

Arbeidsoppgåver

  • Administrativ støtte til direktør, leiarar og anna personell
  • Bistå i rekruttering og profilering
  • Webredaktør – internett og intranett
  • Sørge for god informasjonsflyt internt
  • Lokalt arkivansvar
  • Tilgangsbestilling
  • Koordinering og organisering av arrangement
  • Postmottak
  • Arealkoordinering
  • Intern telefonikoordinering

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan administrasjon eller relevant erfaring frå liknande stillingar, gjerne frå helsevesenet
  • Meistre norsk, både skriftleg og munnleg
  • Ynskjeleg med god kunnskap i engelsk
  • God grunnleggande IKT-kompetanse
  • God kjennskap til Microsoft 365 (Word, Excel, PowerPoint)
  • Erfaring med bruk av sosiale media (til dømes Instagram og Snapchat)
  • Ynskjeleg med kompetanse innan marknadsføring

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som

  • er serviceorientert og imøtekomande
  • har evne til å handtere fleire oppgåver samstundes og prioritere under tidspress
  • har evne til å jobbe sjølvstendig og med høg grad av nøyaktigheit
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • er løysingsorientert, fleksibel og nytenkande
  • har vilje til å tileigne deg ny kunnskap
  • har god framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Gunn Iren Hovda Engvold, Assisterande direktør, +47 41694311, engv@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5700 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4847800461
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 21.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss sjukehus, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted VOSS (Adresse: Sjukehusvegen 16 Postnr: 5700)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c4d8183b-6484-4556-b539-ac62a87bd4aa
IMPORTAPI