Job Description

Published 09-04-2025
Deadline: Unknown

Sprek ung mann søkjer BPA på Bømlo

Sprek ung mann søkjer BPA på Bømlo

Kven er eg?
Eg er ein 27 år gamal mann med autisme som har assistanse 24/7. På fritida mi er eg glad i å gå tur i naturen, køyre bil og slappe av med TV i leilegheita mi. Eg er non-verbal og kommuniserer skriftleg på talemaskin.

Kven er du?
Eg søkjer assistent som kan hjelpe meg i kvardagen, med alle daglege gjeremål. Eg søkjer deg som ynskjer sommarjobb, helgestilling og/eller tilkalling ved sjukdom. Det er ein stor fordel om du deler nokre av mine interesser.

Kva skal du gjere?
– Assistere meg på gåturar, turar og andre aktivitetar
– Assistere meg med alle daglege gjeremål
– Assistere meg med matlaging og husarbeid
– Assistere med personleg hygiene

Ønskte kvalifikasjonar
– Positiv og påliteleg
– Pliktoppfyllande, punktleg og fleksibel
– Førarkort klasse B

Om stillinga
Stillingstype: Sommarjobb (heiltid), helgestilling (deltid), tilkalling
Stillingsstorleik: 20 % helg – 100 % sommarjobb
Arbeidstid: Vakter frå 12 – 48 timar med kvilande nattevakt

Ved interesse og spørsmål ta kontakt med assistenten min, Ann Helen, 41290162.

Kva får du?

– Tarifflønn, ansiennitetsregulert
– Pensjons- og forsikringsordningar, bl.a. AFP
– Rettleiding og opplæring
– Assistentkurs i regi av Humana Omsorg og Assistanse
– Eigen app for handbøker og rutinar
– Attraktive rabattar med fordelsprogrammet Visma LogBuy

Om arbeidsgjevaren:
Humana omsorg og assistanse er ein del av Humana AB. Vi utviklar og leverer omsorgstenester etter enkeltmenneske sine behov og samfunnet sine ynskjer. Meir enn 22 000 engasjerte medarbeidarar utfører omsorgstenester for nesten 10 000 menneske i Sverige, Noreg, Danmark og Finland og arbeider etter visjonen, alle har rett til eit godt liv.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Humana omsorg og assistanse orgnr: 922649847
Kort om arbeidsgiver

Humana omsorg og assistanse utvikler og leverer omsorgs- og assistansetjenester etter enkeltmenneskers behov og samfunnets ønsker. Vi yter tjenester innenfor områdene helse og omsorg, brukerstyrt personlig assistanse, barnevern institusjon og fosterhjem, praktisk bistand og hjelpetiltak.

Vi er et av Norges største private helseforetak, og vi arbeider etter visjonen, Alle har rett til et godt liv.

Webside https://jobb.humananorge.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Hjemmehjelper og personlig assistent
Sted BREMNES (Adresse: 5430 Postnr: 5430)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/85f43047-0eff-4eb7-8fda-9baea9d93f43
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31