Job Description

Published 11-09-2024
Deadline: 25-09-2024

 

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Vi har ledige stillingar for sjukepleiar/spesialsjukepleiar!

  • Ei fast stilling i 80% stilling fra 06.01.25 f.t. med tredelt turnus 
  • Eit vikariat i 75% stilling i perioden  snarest – 7/9-25 f.t med tredelt turnus  

Interne omrokkeringer kan gi andre ledige stillingar.

Seksjon for Nyfødt intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ein spennande arbeidsplass med 13 normerte pasientplassar. Fire av desse plassane er brukt til høgintensiv behandling og seks plassar er til intermediær behandling. I tillegg har vi fire familierom og eit isolat. 
Vi dekkjer nyfødt-tilbodet i heile Møre og Romsdal fylke. Vi behandlar premature barn frå svangerskapsveke 26 samt alle andre sjuke, nyfødde born.  

Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø med flotte, dedikerte og fagleg sterke medarbeidarar. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeid både i avdelinga og på tvers i klinikken. Det blir gitt god opplæring over 6 veker ved nytilsetting.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag! 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Varierte sjukepleiprosedyrer og oppgåver relatert til premature og sjuke nyfødde barn 
  • Legemiddelhandtering 
  • Bruk av medisinskteknisk utstyr 
  • Ernæring 
  • NIDCAP 
  • Familiebasert omsorg 
  • Vegleiing 
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid 
  • Arbeid med kvalitet- og pasientsikkerhet 

Kvalifikasjonar

  • Spesialsjukepleiar i nyfødtsjukepleie/barnesjukepleie/intensivsjukepleie 
  • Sjukepleiar utan videreutdanning kan også søkje  

Personlege eigenskapar

  • Vere fagleg engasjert og pasientorientert 
  • Kunne trivast i eit aktivt arbeidsmiljø 
  • Vere fleksibel, men strukturert 
  • Vere positiv og ha godt humør 
  • Kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø og positiv utvikling 
  • Ha gode evner til samarbeid 
  • Ha evne til å kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag  

Personlege eigenskapar som er viktige for stillinga vil bli lagt vekt på ved tilsetting 

Vi tilbyr

  • Ein spennende og givande arbeidsplass 
  • Ei god opplæring og gode kolleger 
  • Eit solid fagmiljø som bidreg til di faglege utvikling 
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Ann-Iren Vartdal, Seksjonsleiar, ann-iren.vartdal@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4858848244
Stillingsprosent: 80, 75%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 25.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nyfødt intensiv Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974747138
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f02a4fec-0f97-4af7-aefd-3a1087943624
IMPORTAPI