Job Description

Published 15-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Vi har ledig ei 100 % fast stilling i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg i Akutt heimebehandlingsteam (AHT) ved Avdeling for DPS Sunnmøre, Ambulante tenester akutt og ACT i Ålesund. Seksjonen består i dag av eit akutteam (AHT) og eit ACT-team (Aktivt oppsøkande behandlingsteam). 

AHT, som stillinga er knytta til, er ein del av spesialisthelsetenesta sitt akuttpsykiatriske tilbod. AHT tilbyr heimebehandling til menneske som opplever ei psykisk krise for å unngå akuttinnlegging ved psykiatrisk døgnavdeling.

Teamet er tverrfagleg og består i dag av psykiatrar, psykologspesialist, spesialsjukepleiarar, spesialsosionomar og merkantil. Den ledige stillinga er tiltenkt spesialsjukepleiar.

I AHT står brukarperspektivet sterkt i form av at ein behandlar pasientar heime i sitt kjente miljø, på pasientane sine premissar, slik at dei får utvikle meistringsstrategiar som fungerer i heimemiljøet.

I heimebehandling er relasjonen mellom behandlar og pasient meir likeverdig, noko som kan styrke pasienten si stemme og rett til medverknad.

Teamet samarbeider på tvers med andre seksjonar i klinikken, somatiske avdelingar og kommunehelsetenesta for å få best mogleg resultat for den som har ei psykisk liding.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.

Arbeidsoppgåver

  • Tverrfaglig team som gir heimebehandling
  • Behandlingskontakta skjer der pasienten oppheld seg
  • Bruk av systematiske validerte verktøy
  • Må pårekne oppgåver med datasamling for forskningsformål
  • Må forstå at tenesta er heime hos brukaren og skal tilpasses deretter

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med relevant vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og/eller rus (Sjukepleiare utan vidareutdanning kan også søke)
  • Ønskeleg med erfaring fra rus-og psykiatrifeltet
  • Erfaring med ambulant arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode norskkunnskaper både skriftleg og munnleg
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Strukturert
  • Løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet
  • Bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
  • Omstillingsdyktig
  • Fungere som ein lagspelar i eit team
  • Personleg eignatheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Åse Helene Gjærde, Seksjonsleiar, +47 70 10 65 33, ase.helene.gjerde@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4868560977
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ambulante tenester psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cde5f522-3147-43eb-8f2e-a1e0bd8da127
IMPORTAPI