Job Description

Published 17-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Spesialsjukepleiar med relevant erfaring innanfor ernæring, infusjons- og dialysebehandling

Vi søker etter en spesialsjukepleiar til 100% fast stilling ved Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM).

BHM har ansvar for utlån og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr og tilhøyrande forbruksmateriell til pasientar som blir utskrevne med spesialisert heimebehandling. 

Eininga er organisert med to seksjonar; Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Vi arbeider i nært samarbeid og rapporterer som ei felles eining – BHM. Eininga har 37 tilsette totalt og omfattar både sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi samarbeider for å finne dei gode løysingane for våre pasientar og for å sikre ei effektiv drift. 

Vi arbeider mot heimebuande pasientar og deira interessentar, noko som gjer det viktig å ha forståing av heilskapleg behandling. Vi kommuniserer både direkte og indirekte med pasientar og deira nettverk/støtteapparat, og vi har ein glidande overgang frå dei kliniske avdelingane med høve for poliklinisk oppfølging hos oss. Vi tilbyr i tillegg våre pasientar ein heilskapleg teneste i form av vår bandasjistverksemd. 

Arbeidsoppgåvene knytt til stillinga vil i hovudsak vere retta mot pasientar med ernæringutfordringar, samt pasientar med behov for infusjonsbehandling ved diverse tilstandar og heimedialyse. Vi treng deg som har kunnskap om og erfaring med ulikt medisinsk-teknisk utstyr som blir nytta i heimebehandling innanfor angitte fagområde. Du vil arbeide med oppfølging av vår bandasjistverksemd, som gir oss høve til å tilby ei heilskapleg teneste ved utlevering av medisinsk forbruksmateriell til pasientane våre. Du må vere fagleg sterk og evne å holdast kunnskapen din oppdatert, i tråd med utviklinga av vår teneste.

Seksjonen betener i tillegg pasientar innanfor fagområda respirasjon og diabetes og dei tilsette må kunne arbeide på tvers av fagområda ved behov. Vi har fortløpande samarbeid med aktuelle kliniske avdelingar i sjukehuset. Fokus på heimebehandling er aukande og vår teneste mot heimebuande pasientar utviklar seg raskt, så dette eit høve til å arbeide innanfor eit spennande satningsområde! 

Arbeidsoppgåver: 

  • handtere pasientførespurnader via telefon og Helse Noreg 
  • behandle tilvisingar og sette i verk tiltak 
  • gjennomføre poliklinisk opplæring/undervisning i ulike behandlingshjelpemiddel 
  • ivareta datasystema våre knytta til utlevering av utstyr og forbruksmateriell 
  • Ivareta tett dialog med avdelingar/klinikkar i sjukehuset og i førstelinjetenesta 
  • kvalitetssikre ein heilskapleg teneste frå oss 
  • arbeide i tråd med gjeldande nasjonale avtalar, forskrift om medisinsk utstyr og anna relevant lovverk

Du må:

  • ha norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • ha vidareutdanning innanfor angitt fagområde 
  • ha kunnskap om og erfaring med ulikt medisinsk-teknisk utstyr som blir nytta i heimebehandling innanfor angitte fagområde
  • ha gode datakunnskapar og raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innanfor dei ulike systema som vi nyttar
  • meistre norsk, både skriftleg og munnleg
  • ha god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg 
  • ha erfaring med arbeid i DIPS
  • ha førarkort kl B 

Vi trenger deg som:

  • har god fagleg vurderingsevne og er allsidig i kunnskapen din
  • evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag
  • er målretta, konkret og strukturert i arbeidet ditt
  • kan arbeide sjølvstendig, i team og tverrfagleg
  • er positiv, har godt humør og medverkar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • fleksitid med kjernetid 
  • dagarbeid med fri i helgar 
  • godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer 
  • snarleg tiltreding

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Camilla Flindt, Seksjonsleiar, 91700502, camilla.flindt@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Solheimsgaten 13
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4873677925
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM), Medisinsk-teknisk avdeling, Drift/teknisk divisjon, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Håndverkere
Yrke Tømrer og snekker
Sted BERGEN (Adresse: Solheimsgaten 13 Postnr: 5058)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c2f91fc9-4b21-4986-80fb-0f4512a0a54b
IMPORTAPI