Job Description

Published 29-10-2024
Deadline: 19-11-2024

 

Spesialsjukepleiar eller spesialvernepleiar til 80% fast stilling på natt

Seksjon S5, avdeling for spesialisert psykose, er ein lukka akuttpost med 12
behandlingsplassar, der 2 av sengene er intensivsenger. Vi er lokalisert i
Psykiatrisk klinikk, Sandviken. Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og
behandling av pasientar med akutte psykosar og vi samarbeider med andre
instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna,
eigna behandlingstilbod. Gjennomsnittleg liggetid er 4 veker. Vi kan tilby
ein spennande og engasjerande arbeidsplass, kor vi legg særleg vekt på kvar
enkelt sin trivsel og faglege utvikling.

Vi har ledig 80% fast stilling med arbeid p.t kvar 3. helg med turnus på natt.
 
Søkarar må vere fylt 21 år.  

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene til sjukepleiar er å arbeide i team rundt kvar einskild pasient og saman utarbeide eit godt forløp for innlegging i akuttfasen
  • Administrasjon av medisin og følge opp intervall-tilsyn, som er
    ordinert av behandlar, samt utarbeide og følge opp miljøplanar saman med
    pasienten
  • Skriftleg og munnleg rapportering av, og sjukepleie til fysiske og
    psykiske symptom hjå pasienten
  • Sjukepleiar er ansvarshavande og
    fordeler arbeidsoppgåvene til dei som er på vakt
  • Ein i kvart team er
    pårørandekontakt og har jevnlege samtalar og samarbeidsmøte med andre
    involverte instansar

Kvalifikasjonar

  • Vi ønsker at du har stort engasjement og interesse for å jobbe med pasientgruppa
    vår
  • Norsk autorisasjon
  • Du har vidareutdanning i psykisk helse og rus eller annan relevant vidareuitdanning
  • Søkar må meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna til å arbeide med psykisk sjuke menneske
  • Vi ønsker fleksible medarbeidarar, som har evne til å arbeide i team og som kan bidra til vårt gode arbeidsmiljø
  • Du må vere ansvarbevisst og ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du må vere i stand til å ta imot rettleiing og følge avdelinga sine retningslinjer

Vi tilbyr

  • S5 er ein spennande og lærerik arbeidsplass, der dei tilsette ser og oppmuntrar
    kvarandre. Vi er kjend for vår høge, faglege kompetanse innan psykosebehandling
    og for vårt gode og inkluderande arbeidsmiljø. Her lærer du mykje om psykose,
    men også om deg sjølv. Dei fleste av våre tilsette har vidareutdanning innan rus
    og psykiatri og personalgruppa er godt samansett av både kvinner og menn i forskjellig alder, bakgrunn og kultur. Dette gjer at vi har eit veldig godt
    arbeidsmiljø, der tilsette blir verande lenge
  • Alle får eit 2 dagars grunnkurs i MAP (Møte med aggresjon og valdsproblematikk)
  • Tverrfagleg undervising og trening i MAP kvar veke
  • Alle tilsette har 1 til 2 dagar ut av turnus for kompetanseutvikling per år, i tillegg til andre kurs/seminar ein kan melde seg
  • Moglegheit for å søke 2 årig deltid SEPREP-utdanning og 1 årig vidareutdanning i psykiatri og rusarbeid

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Mari Lerum, Ass. seksjonsleiar, 90619510

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4878224579
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Seksjon S5, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Rådgivere innen sosiale fagfelt
Sted BERGEN (Adresse: Sandviksleitet 1 Postnr: 5036)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/863bf242-5cd5-4c80-acdb-4ff1a94f3518
IMPORTAPI