Job Description

Published 15-04-2025
Deadline: 25-05-2025

Spesialprest for ungdom i Sogn prosti med Sogndal som tenestestad

Vi har ledig stilling som spesialprest for ungdom i Sogndal.

Sogndal er den største kommunen i Sogn prosti, med om lag 12200 innbyggjarar og med ungdomskull i
overkant av 100. Kommunen er det viktigaste skulesenteret i Sogn og Fjordane, og den vidaregåande
skulen har 750 elevar med mange hybelbuande elevar frå regionen. Sogndal folkehøgskule har om lag 100
elevar, medan Høgskulen på Vestlandet sitt Campus har om lag 2.400 studentar. Meir informasjon finn ein
på Sogndal kommune og www.hvl.no.

Sogn prosti dekkar kommunane Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, og Vik. Her er 12,5 prestestillingar.
Prosten samlar med jamne mellomrom prestane i prostiet til fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og
kollegafellesskap.

Indre Sogn byd på storslått natur med høge fjell, djupe fjordar og vakre, levande bygder, for fastbuande og
tilreisande. Sjå til dømes Fjellsportfestivalen. Her er svært gode tilhøve for allsidig og aktivt
friluftsliv heile året.

Du som vert tilsett vil gjere presteteneste særleg retta mot ungdom og studentar i skule- og studiesenteret
Sogndal. Som ungdomsprest har du det faglege hovudansvaret for konfirmantundervisning i Sogndal
kommune, i tett samarbeid med sekretær, sokneprestar, diakon, trusopplæringsleiar og andre kyrkjeleg
tilsette og frivillige. Det er god oppslutnad om konfirmantarbeidet, med om lag 100 konfirmantar i året,
fordelt på fem sokn og tre ungdomsskular. Andre trusopplæringstiltak har også stor oppslutnad. Sokna
har i fellesskap eit gjennomarbeida opplegg for konfirmantåret, med mellom anna
undervisningssamlingar, konfirmantleir, aktivitetsgrupper, gudstenester, konfirmantdagar med meir.

Det ligg også til stillinga å ha kontakt med eksisterande ungdomsklubbar og fritidsaktivitetar for ungdom i
området. Det er etablert fast samarbeid med studentsamskipnaden Saman, som har kontor på Campus. I
denne stillinga har den som blir tilsett stor fridom til å utforme og bidra innan ungdoms- og studentarbeid
ut over konfirmantarbeidet, både etter eige initiativ og i samarbeid med lag og organisasjonar i bygda.

Sogndal er tenestestad. Spesialpresten har kontor saman med dei andre tilsette i kyrkja i Sogndal. Sogndal
kyrkjekontor ligg på Stedjetunet like ved Stedje kyrkje i Sogndal sentrum. Der har òg prosten sitt kontor.
Stillinga som spesialprest har prosten som arbeidsleiar. Stillinga er ledig frå 1.august.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter. 

Arbeidsoppgåver

  • Presteteneste for ungdom og studentar i skule – og studiesenteret Sogndal
  • Konfirmasjonsundervisning og konfirmantarbeid
  • Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
  • Noko tenestearbeid med gudstenester og kyrkjelege handlingar etter avtale med prost

Bispedømmerådet vil evaluere alle spesialpreststillingar kvart tredje år. Stillinga inngår som fast stilling i prostiet, men innhald vil på sikt kunne bli endra ut i frå behova i prostiet og utviklinga på satsingsområda. Den som er i stillinga må være inneforstått med justeringar i arbeidsoppgåver.  

Kvalifikasjonar

  • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
  • Medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • Evne til å kommunisere om kristen tru med unge menneske.
  • Evne til å tenkje heilskapleg og samarbeidsretta om det kristne tilbodet for ungdom i regionssenteret.
  • Evne til å leie samarbeid med frivillige medarbeidarar og tilsette med ulik fagbakgrunn
  • Søkjar må kunne samarbeida også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

Vi tilbyr

  • Stillingskode 1465 Spesialprest etter KA sitt tariffområde
  • Pensjonsinnskott i KLP
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldende regulativ
  • Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
  • Arbeidsrettleiing (ABV)

Andre opplysningar
Søkjar bør ha førerkort og disponere eigen bil.

Målforma er nynorsk.

Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. 

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. 

Kontaktinformasjon

Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276
Kjell Olav Høstaker Nordheim, Prost i Sogn, 48243056

Arbeidssted

Kyrkjevegen 6
6856 Sogndalsfjøra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke

Referansenr.: 4950778285
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 25.05.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Den norske kyrkje, Bjørgvin bispedøme orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside http://www.kirken.no
Bransje Industri og produksjon
Yrke Tekstil og presisjonsarbeid
Sted SOGNDAL (Adresse: Kyrkjevegen 6 Postnr: 6856)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 25-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d7949341-7734-409f-8c2c-f6147ec5dff0
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31