Spesialpedagog i inntil 100% fast stilling – Voss herad Vangen skule

Utdanning Instruktører og pedagoger

(3 weeks ago)

  • VOSS
  •  Post Date: 3. April 2025
  •  Expire date: 27. April 2025
Job Description

Published 03-04-2025
Deadline: 27-04-2025

Spesialpedagog i inntil 100% fast stilling

Voss herad søkjer engasjert lærar med spesialpedagogisk kompetanse og eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møta engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skapa livsmeistring og medborgarskap i vossaskulen. Me har lærande nettverk på fleire nivå for å vidareutvikla vossaskulen og skapa felles praksis. Skulane arbeider ut frå prinsippa om ein lærande organisasjon.

Vangen skule ligg i sentrum og har omlag 235 elevar. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til idrettsbane, bibliotek, symjehall, gondolbane og andre fasilitetar. Satsingsområde er inkluderande skulemiljø med hovudfokus på sosial læring og utvikling. Vangen skule er ein 1.-7. skule. Det er kort gangavstand frå jernbanestasjon og buss-stasjon. 

Vangen skule har ledig stilling som lærar m/spesialpedagogikk frå 1.8.25. 

Voss herad tilbyr:

  • Rekrutteringstillegg kr 20 000 for GLU 1-7 og 5-10 ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • Fast stilling i Voss herad
  • Kontaktlærartillegg frå kr. 42 200 til kr. 45 000 per år  
  • God ordning for etter- og vidareutdanning
  • Årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • Gode kollegaer og eit positivt miljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vera knytt til spesialundervisning med elevar med autismespekterforstyrringar. 
  • Vera støtte for kontaktlærar for å tilretteleggja undervisning for elevar med særskilde behov.
  • Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
  • Vera med å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
  • Samarbeida med føresette og andre faginstansar

Kvalifikasjonar:

  • GLU 1-7 eller GLU 5-10 m/kompetanse i spesialpedagogikk
  • Det er ynskjeleg med erfaring med elevar som har autismespekterforstyrringar.
  • Du som skal tilsetjast i undervisningsstilling må ha godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • Anna relevant pedagogisk utdanning, som t.d. barnehagelærar m/spesialpedagogikk, kan bli vurdert

Personlege eigenskapar

  • Du har eit stort engasjement for elevane si læring, spesielt for elevar med særskilde behov. 
  • Du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til skapa trivsel, motivasjon og vekst hjå den enkelte
  • Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • Du er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utvikling
  • Du ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss herad Vangen skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Instruktører og pedagoger
Sted VOSS (Adresse: Hestavangen 24 Postnr: 5700)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6426c5e8-36d8-473f-9e5e-a18f4c8547ae
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31