Spesialpedagog eller grunnskolelærer – vikariat – Fresvik Enspire Skule As

Utdanning Grunnskole

(2 weeks ago)

  • FRESVIK
  •  Post Date: 31. March 2025
  •  Expire date: 25. April 2025
Job Description

Published 31-03-2025
Deadline: 25-04-2025

Spesialpedagog eller grunnskolelærer – vikariat

100% vikariat frå 1. august 2025 til 31. desember 2025

Hva vi ser etter

Vi ynskjer oss ein pedagog som ser ressursane hjå den enkelte elev og har evne til å engasjera i meiningsfullt læringsarbeid i nært samarbeid med det pedagogiske personalet på skulen

Kvalifikasjonar

· Studiepoeng innan spesialpedagogikk eller grunnskulelærar/allmennlærar

· Eventuelt studiepoeng i andre fag

· Pedagogisk utdanning

· Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

· Du er god på relasjonsbygging og samarbeid

· Du kan både jobba strukturert og ta utgangspunkt i elevane sine initiativ

· Du er interessert i pedagogisk entreprenørskap og bruk av lokalmiljøet

· Du ynskjer å vera ein aktiv bidragsytar til utvikling av skulen.

Arbeidsoppgaver

Stillinga vil bestå av spesialpedagogisk undervisning og/eller undervisning i fleire fag på barnetrinnet (1.-7. klasse). Me søkjer etter spesialpedagog eller grunnskulelærar.

Vi tilbyr

· Tilsetjing, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

· Pensjonsrettar og medlemskap i Statens pensjonskasse

· Hjelp til å skaffa bustad viss det er ønskjeleg

· Eigen lokal tariffavtale mellom Virke og Utdanningsforbundet

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fresvik Enspire Skule As orgnr: 922174636
Kort om arbeidsgiver

Om Fresvik EnSpire Skule

Fresvik EnSpire skule A/S er den tredje godkjende friskulen med entreprenørskap som profil. Skulen starta opp hausten 2020. Skulen får statsstøtte og blir driven etter godkjend læreplan for EnSpire skular. Vi ønskjer å vera ein skule for alle, og tek ikkje foreldrebetaling.

Skulen ligg i Fresvik i Vik kommune i Vestland fylke. Det er ca 3,5 mil til Vik sentrum. Fresvik er ei jordbruksbygd med ca. 200 innbyggjarar. I bygda ligg Fresvik Produkt– ei moderne industribedrift for fryse- og kjøleteknologi med 40 — 50 tilsette. Fresvik har eit sterkt organisasjonsliv, som er med på å byggja fellesskap og felles identitet. Her er ein storslått natur med nærleik til både fjell og fjord, noko som gir høve til eit aktivt og rikt friluftsliv. Musikkfestivalen Fres festival blir arrangert i Fresvik.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted FRESVIK (Adresse: Storevegen 67 Postnr: 6896)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 25-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d7fe9b8e-31b9-4d3f-810c-e128c974336f
Stillingsregistrering

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31