Spesialist i augesjukdommar – Auge Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Doctor(4 days ago)
Job Description
Published 15-12-2024
Deadline: 30-12-2024
Spesialist i augesjukdommar
Er du ein engasjert augespesialist som ønskjer å vere med på spennande satsingar og utvikling i eit sterkt fagmiljø?
Vi er eit passe stort legemiljø, med totalt 9 legestillingar. Seksjonen har òg optikar, ortoptist, sjukepleiarar, augesjukepleiarar og oftalmologteknikarar.
Vi ønskjer og treng å bli fleire for å lukkast med store og spennande satsingar i åra som kjem.
Om oss:
Augepoliklinikken SNR tilbyr behandling innan augesjukdommar til pasientar i Romsdal og på Nordmøre, og dekkjer med det eit folketal på omkring 120 000. Hovuddrifta er i dag ved Molde sjukehus, som seinare flyttast til det splitter nye akuttsjukehuset på Hjelset våren 2025.
Størstedelen av den daglege aktiviteten vår er ved poliklinikken, der alle legar har kvart sitt godt utstyrte kontor til polikliniske undersøkingar. Katarakt-, glaukom- og strabismeoperasjonar skjer i operasjonssal som er integrert i operasjonsavdelinga ved sjukehuset. Andre kirurgiske inngrep blir utførte på ei skiftestove ved poliklinikken.
Vi har ei seng på felles kirurgisk sengepost. Denne blir i all hovudsak brukt til enkelte akuttilfelle, ved overflytting frå andre sjukehus og etter nokre kirurgiske inngrep.
Vaktordninga baserer seg i stor grad på heimevakt ettermiddag/kveld/natt og i helgar.
Vi søkjer deg som er engasjert i faget og ønskjer ein variert kvardag.
Legar som har kort tid igjen av spesialiteten blir oppmoda til å søkje.
Er du i tvil? Søk likevel! Vi vil gjerne kome i dialog med deg. Vi tilset aktuelle kandidatar fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar
- Deltaking i fagutvikling, rettleiing og undervising
Kvalifikasjonar
- Norsk spesialistgodkjenning i augesjukdommar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har eit anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført vidaregåande skule på norsk, må minimum ha bestått Bergenstesten eller ei anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
- Du har høgt fagleg nivå og engasjement for vidareutvikling av fagområdet
- Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar
- Du er god til å rettleie legar i spesialisering og til å lære opp mindre erfarne kollegaer i ein atmosfære prega av tryggleik, tillit og gjensidig respekt
- Du er raus og respektfull i møte med kollegaer, pasientar og samarbeidspartnarar
- Du verdset kollegaer sin kompetanse og erfaring, og bidreg aktivt i faglege refleksjonar
Personleg eignaheit og gode samarbeidsevner vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- Variert, utfordrande og lærerik teneste
- Deltaking i avdelinga si heimevaktordning
- Løn i samsvar med tariff
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Høgt fagleg nivå
- Godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Marina Elnes, Seksjonsleiar, Marina.Elnes@helse-mr.no
Arbeidsstad
Parkveien 84
6412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4892716258
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Auge Molde, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | MOLDE (Adresse: Parkveien 84 Postnr: 6412) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-12-2024 |