Job Description

Published 18-11-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Spesialingeniør/instrumentansvarleg

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har meir enn 300 tilsette. MBF har 12 analytiske og 2 ikkje-analytiske seksjonar. Avdelinga har også tre legegrupper (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi). 

Avdelinga utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Det er no ledig stilling som instrumentansvarleg ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF). Stillinga skal vere tilknytt Hormonlaboratoriet, men skal óg ha samarbeid med andre seksjonar ved avdelinga.

Den som blir tilsett vil vere en del av kjemikargruppa ved MBF og vil saman med instrumentansvarleg ved seksjon for lege- og rusmiddelanalysar ta hand om vedlikehald og drift av masse-spektrometri instrumenta ved avdelinga. Hormonlaboratoriet har mellom anna 8 LC-MS/MS instrument, samt 3 moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale. Oppstart vil vere etter avtale. Søkarar blir kontakta fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for enkelt vedlikehald og oppfølging av serviceavtalar
  • Ansvar for feilsøking og reparasjonar ved behov
  • Kontakt med servicepersonell og leverandørar
  • Bistå ved anbudsprosessar
  • Ta hand om undervising og opplæring av tilsette i bruk og vedlikehald av instrument ved seksjonen
  • Setje seg grundig inn i seksjonen sine metodar og bidra ved utvikling av nye metodar
  • Skrive prosedyrar og valideringsrapportar
  • Delta i den daglege rutinedrifta ved seksjonen
  • Andre funksjonar kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan kjemi, biokjemi eller tilsvarande på masternivå, siv.ing eller Ph.D
  • Teknisk kunnskap om, og interesse for HPLC og LC-MS/MS.
  • Erfaring med metodeutvikling og vedlikehald på denne type instrument
  • Det blir lagt vekt på gode datakunnskapar
  • God realkompetanse er viktig, og kan i nokon grad veie opp for manglande formal kompetanse
  • Må meistre norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Positiv og engasjert
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Målbevisst, strukturert og løysingsorientert
  • Vere ein god teamarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Like varierte utfordringar
  • Resultatorientert
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Stillinga er ei dagstilling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Charlotte E. Brunstøl, Seksjonsleiar, 55974381, charlotte.elisabeth.brunstol@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 49
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4881926570
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsbakken 49 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/05bc3753-0d5a-43d5-a3ce-56573898db6b
IMPORTAPI