Job Description

Published 05-11-2024
Deadline: 20-11-2024

 

Spennande stilling som helsefagarbeidar i heimetenesten!

Me søker:

Ei av våre dyktige tilsette skal over i pensjonistenes rekker og me søker helsefagarbeidar til fast stilling, 80 -100% til heimetensta ytre sone. Stillingen er ledig etter avtale. 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Bidra direkte til å gi våre brukarar fagleg gode tenester
  • Helsefaglige oppgåver som: primærgruppearbeid, resursoppgåver, observasjon, planlegge og utføre tiltak, miljøterapi, medisinske prosedyrar, medikamenthandtering og god pleie med meir
  • Bidra til velferdsteknologiske løysingar i tenesta
  • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Du må ha sertifikat klasse B
  • God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar minimum nivå B2
  • Interesse for velferdssteknoligi

Personlege eigenskapar:

  • Du vil yte gode tenester til heimebuande i Vindafjord kommune
  • Du er fagleg engasjert og held deg oppdatert
  • Du er ein pådrivar for å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar
  • Du bidra positivt inn i arbeidsmiljøet vårt 
  • Du har eit ynskje om å arbeide med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov
  • Du er løysingsorientert og har gode evner til å samarbeida med andre rundt deg 
  • Du liker og å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
  • Du trives med til tider hektiske arbeidsdagar
  • Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av sonene
  • Personlege eigenskaper vert vektlagt

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Det er tilbod om å gå langvakter eller ordinær turnus dag/kveld/helg i årsturnus
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Vindafjord kommune kan no tilby helgeavtale utover den sentrale! 

Opp til 289 helgetimar: 70 kr
Frå 290 til 349 helgetimar: 100 kr
Frå 350 helgetimar: 150 kr

Om heimebaserte tenester:

Heimetenestene i Vindafjord kommune har basekontor i  Nedre Vats og Ølen  og gir tenester til brukarar som bur heime. 

  • Basekontoret til ytre sone er på Vindafjordtunet og gjer tenester til heimebuande i Vats Skjold og Vikebygd. Ytre sone gjer og tenster til dei som bur i omsorgsbustader på Vindafjordtunet. 
  • Basekontoret til indre sone er på Ølen omsorgssenter og gjer tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland

Hjå oss vil du møte heimebuande eldre med ulike helseutfordringar, både akutte situasjonar og personar med kroniske lidingar som krev langsiktig handsaming. Hjå oss er det høgt under taket med kort veg til fagleg dyktig leiar og kollegar som ynskjer å bety ein forskjell for våre brukarar. Du arbeider i årsturnus dag/kveld og det er arbeidar 3. kvar helg. I ytre sone er det og mogeleg å gå i turnus med vanlige vakter og langvakter.

Me ønskjer at våre medarbeidarar skal ha muligheit for utvikling innan fag og interesse områder, at dei skal ha eit arbeid som motiverar og engasjerar. Kvart år søker me kompetansemidlar slik at me i større grad som arbeidsgjevar kan vera med på å gi deg relevant vidareutdanning og kurs etter ønsker og behov. 

Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål! Me er i utvikling og ynskjer å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell innan eldreomsorga i kommunen.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vindafjord kommune Heimetenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med vel 9000 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ØLEN (Adresse: Rådhusplassen 1 Postnr: 5580)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1a084fb4-5242-4a95-83e5-9cc37839f87c
IMPORTAPI