Job Description

Published 20-12-2024
Deadline: 26-01-2025

 

Spennande stilling for overlege ved Regionalt senter for sansetap og psykisk helse

Kronstad DPS søkjer engasjert overlege i psykiatri

Kronstad DPS er lokalisert på Danmarksplass og har ansvar for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda i Bergen kommune. Vi dekkjer eit område med om lag 98.000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er delt inn i fagområda psykose og allmennpsykiatri.

Hos oss finn du eit breitt spekter av tenester innan døgn-, dag-, ambulante og polikliniske behandlingar. Vi legg stor vekt på samarbeid og eit godt fagmiljø, med særleg fokus på fagleg utvikling og tverrfagleg samhandling.

Regionalt senter for sansetap og psykisk helse (RSSP)
Mellom våre spesialiserte behandlingsteam finn du Regionalt senter for sansetap og psykisk helse (RSSP). Dette er eit unikt tilbod for pasientar med samtidig sansetap og psykiske helseutfordringar. Teamet består av overlege, psykologspesialist og psykiatrisk sjukepleiar.

Pasientane våre har eit breitt spekter av allmennpsykiatriske diagnosar og kan i tillegg ha moderat eller alvorleg sansetap – som nedsatt syn eller høyrsel, blindheit, døvheit eller dobbelt sansetap. Nokre har også komorbide somatiske tilstandar.

RSSP tilbyr behandling, rettleiing, undervisning og nettverksmøte for fagfolk innan psykiatri og syns- og høyrselsfeltet. Dette skaper ein variert og spennande arbeidskvardag med stor grad av autonomi. Som regionalt tilbod inkluderer arbeidet også digital verksemd, rettleiing og oppfølging av pasientar og samarbeidspartnarar i regionen. Dei fleste pasientane kjem frå Bergensområdet.

Senteret samarbeider også med fagmiljøet ved Nasjonal behandlingsteneste for sansetap og psykisk helse ved Oslo universitetssjukehus. Vi har jamlege videomøte og deltar på fagdagar saman med dette miljøet.

Vi søkjer deg som:

  • Er spesialist i psykiatri og ønskjer å vere ein del av eit stort og variert fagmiljø
  • Har interesse for å jobbe med pasientar som har sansetap kombinert med psykiske helseutfordringar
  • Vil bidra til fagleg utvikling og styrking av tilbodet til denne pasientgruppa

Vi tilbyr:

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø
  • Tett samarbeid med dyktige kollegaer lokalt og nasjonalt
  • Moglegheit til å utvikle og påverke eit viktig behandlingstilbod

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med psykiske lidingar og samstundes sansetap, utgjer hovuddelen av arbeidsoppgåvene
  • Veiledning og bistand til kollegaer som har eige ansvar for psykiatriske pasientar med sansetap
  • Spesialistansvar for pasientar der hovudbehandlar ikkje er spesialist
  • Ivaretaking av medisinskfagleg ansvar og deltaking i intern undervisning og rettleiing
  • Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet, inkludert NAV, skular, arbeidsgivarar og kommunale helsetenester
  • Delta i utviklinga av senteret si kompetanse og behandlingstilbod
  • Bidra til kvalitetsforbetring og oppdatering av kliniske retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i psykiatri eller nær ferdig spesialist i psykiatri
  • Brei klinisk erfaring med allmennpsykiatriske og polikliniske pasientpopulasjonar
  • Kompetanse eller erfaring med pasientar som har sansetap og samtidige somatiske helseutfordringer er ønskeleg, men ikke nødvendig
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg  

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde
  • God fagleg vurderingsevne og evne til å arbeide målretta og strukturert
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Fleksibel, engasjert og tydeleg når det trengst
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit dynamisk fagmiljø
  • Stor fridom til å forme eigen arbeidskvardag
  • Moglegheit for deltaking i forskings- og utviklingsprosjekt
  • Moglegheit for å lære teknspråk
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med rause og dyktige kollegaer
     

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Alf Georg Opheim Sørensen, Konstituert klinikkdirektør, 90546220

Arbeidsstad

Fjøsangerveien 36
5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4891272311
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Divisjon psykisk helsevern/ Kronstad distriktspsykiatriske senter, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Fjøsangerveien 36 Postnr: 5053)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/acc6640e-b216-446c-9a74-3407abc861e9
IMPORTAPI