Spennande jordmorstilling i Odda – Barsel og gynekologi eining, Odda sjukehus

Health and social care Nurse

(16 hours ago)

  • ODDA
  •  Post Date: 20. October 2024
  •  Expire date: 10. November 2024
Job Description

Published 20-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Spennande jordmorstilling i Odda

Er du jordmor og ynskjer deg ein spennande og utfordrande jobb ved Odda sjukehus?

Vi kan vere fleksible på stillingsprosent og du har stor påverknad på eigen turnus i kalenderplan.

Jordmortenesta har ansvar for svangerskapskontrollar for gravide i Ullensvang kommune. Vi følger opp ca 100 gravide kvart år. Odda sjukehus har ikkje fødeavdeling men jordmor har heimevakt for å ivareta beredskap og følgeteneste av fødande til fødeavdeling ved Haugesund sjukehus. Avdelinga har eit føderom for å kunna ta hand om akutte fødslar. Vi har barselavdeling og barselpoliklinikk for mor og barn. Jordmortenesta er prega av høg kompetanse med fokus på faglege og dyktige medarbeidarar.

I dag er me 4 jordmødre og 4 barnepleiarar som jobbar ved avdelinga.

Det er svært godt samhald og samarbeid mellom jordmødre og barnepleiarar. Vi behandlar kvarandre, pasienter og pårørende med kvalitet, trygghet og respekt. Vi har eit godt arbeidsmiljø, der alle bidreg for å bevare og vidareutvikle arbeidsplassen.

Ta gjerne kontakt med meg for ein uformell prat: Britt Elin Opheim Lutro tlf: 46957739/95557820

Arbeidsoppgåver

  • Tverrfagleg samarbeid med Ullensvang kommune
  • Svangerskapsomsorg/ jordmorkontrollar
  • Barselomsorg
  • Tverrfagleg poliklinikk med fysioterapeut tilknytt avdelinga
  • Oppfølging av gynekologiske pasientar
  • Heimevakt med beredskap- og følgjeteneste
  • Dokumentasjon i ulike kliniske system er ein viktig del av jobben som jordmor
  • Tett dialog med gynekologar, jordmødre og barnelegar ved Haugesund sjukehus.
     

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Krav at du har erfaring frå barsel- og fødeavdeling
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • viser fleksibilitet og har oversikt
  • trivast i et aktivt og travelt miljø
  • er motivert til fagleg utvikling

Vi tilbyr

  • Fagdagar og hospiteringsdagar ved fødeavdelinga på Haugesund sjukehus innlagt i kalenderplan
  • Faste dagar med simulering i avdelinga
  • Godt tverrfagleg samarbeid
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Britt Elin Opheim Lutro, Funksjonsleder, 46957739, britt.elin.opheim.lutro@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4874429341
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Barsel og gynekologi eining, Odda sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ODDA (Adresse: Sjukehusvegen 10 Postnr: 5750)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/445de157-f4ec-449b-a755-c13bc283f933
IMPORTAPI