Sparebank1 Sogn og Fjordane søker trainee: Forretningsutvikling – Framtidsfylket AS
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(1 day ago)
Job Description
Published 16-12-2024
Deadline: 01-03-2025
Sparebank1 Sogn og Fjordane søker trainee: Forretningsutvikling
Kven er du? Vi ser etter deg med bachelor eller master innan økonomi, prosjektleiing, teknologi, jus eller liknande kompetanse. Du trivast i eit miljø med høgt tempo og er flink til å prioritere i ein hektisk arbeidskvardag. Du evner å jobbe strukturert og effektivt for å få arbeidet i mål. Du er kreativ og nysgjerrig, og interessert i å sette deg inn i nye tema og ulike problemstillingar. Du er god på relasjonsbygging og teamarbeid, men evner også å arbeide sjølvstendig.
Som arbeidsgjevar tar vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein framtidsretta bank.
Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Vi håpar du tar sjansen på oss!
Arbeidsstad: Førde. For meir informasjon om stillinga kontakt leiar gevinst- og leverandøroppfølging, Andrea Kvamsdal, tlf 97639148.
Denne stillinga er ein del av Framtidsfylket sitt traineeprogram
Å starte arbeidslivet som trainee i Framtidsfylket Vestland gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Krav til norskkunnskap: B1
SpareBank 1 Sogn og Fjordane er den sjuande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 78 milliardar kroner og nær 300 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Framtidsfylket AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland. Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin! Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert. Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål. Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter! Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting. Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt. Les meir på Framtidsfylket.no |
Webside | https://www.framtidsfylket.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | FØRDE (Adresse: Langebruvegen 12 Postnr: 6800) |
Stillingstype | Trainee Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-03-2025 |