Sosionom – Fys.med sengepost, Helse Møre og Romsdal HF

Health and social care Miljøarbeidere

(2 days ago)

  • ÅLESUND
  •  Post Date: 1. December 2024
  •  Expire date: 15. December 2024
Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Sosionom

Likar du å jobbe tett med andre faggrupper, pårørande og pasientar? Då vil vi gjerne ha deg med på laget.

Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering har ledig 70 % stilling som sosionom frå snarast eller etter avtale. Som sosionom hos oss er du tilsett i sengepost for fysikalsk medisin og rehabilitering, men noko poliklinisk aktivitet må påregnast. Vi har 1,7 stillingar som sosionom, der du vil vere den eine.

Ved sengeposten gjev vi spesialisert rehabilitering til pasientar frå heile fylket. Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering gjev rehabilitering til pasientar med traumatiske hjerneskader, hjerneslag, ryggmargsskade, komplekse multitraumer, amputasjonar og nevrologiske lidingar.

Sosionomane ved fysikalsk medisin og rehabilitering har også oppdrag på medisinsk avdeling i Ålesund, tilsvarande 20 % stilling.

Sjekk gjerne vår Instagramkonto fysmed_alesund_hmr

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Hos oss er pasienten hovudpersonen i rehabiliteringsprosessen, der dei ulike faggruppene i teamet og du bruker di fagkompetanse for å underbygge denne prosessen
  • Miljøterapeutisk tenking er eit sentralt fokus i rehabiliteringsarbeidet og derfor bidreg alle
    yrkesgrupper inn i dette arbeidet

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sosialt arbeid/sosionom
  • Gjerne kjennskap til rehabiliteringsfeltet
  • Erfaring som miljøterapeut

Personlege eigenskapar

  • Du er ein lagspelar som trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Du har gode evner til kommunikasjon og samarbeid 
  • Du har gode kunnskapar i norsk, skriftlig og munnlig
  • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
  • Du er ansvarsfull og påliteleg
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og trivst i eit aktivt miljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Gro Westnes Lindin, Ass. seksjonsleiar, 70105730, Gro.Westnes.Lindin@helse-mr.no
Hanne Svejstrup Elde, Seksjonsleiar, +47 41248018, hanne.svejstrup.elde@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4852812511
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.12.2024
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fys.med sengepost, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted ÅLESUND (Adresse: Åsehaugen 5 Postnr: 6017)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-12-2024
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/75389294-b7a8-48a1-b090-f348a3ec7b32
IMPORTAPI