Sommerjobb for jus-studentar – Brønnøysundregistrene
Kontor og økonomi Juridisk arbeid(17 hours ago)
Job Description
Published 18-12-2024
Deadline: 20-02-2025
Sommerjobb for jus-studentar
Om stillinga
Studerer du jus og er klar for å teste det ut i praksis?
Vi har to spennande sommarjobbar for deg som vil til bringe ein sommar på Helgelandskysten!
Brønnøysundregistera har ansvaret for 18 nasjonale register med oppgåver innan blant anna selskapsrett, panterett og ektepakt. Hos oss vil du få ta del i eit stort juridisk fagmiljø, du får innsikt i juridisk saksbehandling, jobbe saman med andre juristar og du får god opplæring innan fagområda. Skriv gjerne noko om kva som er interesseområdet ditt.
Arbeidsoppgåver
- klagesaksbehandling
- utredningar
Kvalifikasjonar
- du må helst ha fullført det tredje studieåret
Personlege eigenskapar
- du må vere nøyaktig, kunne jobbe sjølvstendig og like å samarbeide med andre.
Vi kan tilby
Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad under opphaldet for søkjarar utanfrå nærområdet. Reiseutgifter tur/retur mellom studiestad og Brønnøysund og ev. husleige blir dekte av oss. Dette er skattepliktig inntekt.
Stillinga varar i 6 veker, helst i perioden 23.06 – 08.08.24. Stillinga er lønna med etterskots timelønn som konsulent (kroner 232 pr. time). Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse frå lønna di. Arbeidstida er måndag–fredag kl. 0800–1500.
Inkludering og mangfald er viktig for oss
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. Har du hol i CV-en , nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Bu i Brønnøysund
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Verd å merke seg før du søker
Vi ber om at du opplyser når du kan tiltre og kor lenge du kan jobbe. For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Brønnøysundregistrene orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer kontakten med det offentlege enklare for alle. Vi driv mange av landet sine viktigaste register og har 450 medarbeidarar.Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også medarbeidarar i Narvik og Oslo. |
Webside | https://www.brreg.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Juridisk arbeid |
Sted | BRØNNØYSUND (Adresse: Havnegata 48 Postnr: 8910) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 20-02-2025 |