Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Sommarvikariat, Lege i spesialisering/ medisinerstudent med lisens

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har i perioden 16.06.2025- 17.08.2025 behov for LIS1 ferievikarar.

Nordfjord sjukehus er eit av 3 sjukehus i Helse Førde.

Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har 5 faste overlegar, 6 LIS1, 1 Cand.med og 1 ALIS i ordnær drift. Medisinsk sengepost dekkjer medisinsk akuttfunksjon for pasientar i Nordfjordregionen i samarbeid med dei andre sjukehusa i Helse Førde. Seksjonen har ein sengepost med 16 senger, derav 3 overvakingssenger.

Arbeidsoppgåver

  • LIS1 har varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengeposten

Kvalifikasjonar

  • Utdanna lege, klar for LIS1 teneste
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel
  • Erfaring med DIPS Arena og MEONA vil vere ein fordel
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
  • Tåle tidvis høgt tempo

Vi tilbyr

  • Utviklande arbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Varierte medisinskfaglege problemstillingar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Hjelp med å skaffe bustad

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord

Kontaktinformasjon

Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, +47 578 64 153

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4898485681
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk sengepost NSH, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Sjukehusvegen 14 Postnr: 6770)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 16-06-2025
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/63d5a1c5-8c7d-4ab3-a904-a8c18a4dd8a3
IMPORTAPI