Sommarvikariat – Cand.med/ Medisinstudent med lisens – Psykiatrisk klinikk, Helse Førde
Health and social care Doctor(1 month ago)
Job Description
Published 16-10-2024
Deadline: 01-12-2024
Sommarvikariat – Cand.med/ Medisinstudent med lisens
Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for 8 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering, sikkerheit og psykose. Tverrfagleg spesialisert rusbehandling er integrert i tenestetilbodet vårt. Avdelinga har 18 legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.
Psykiatrisk klinikk har ledig sommarvikariat i 100% stilling som Cand.med. i perioden 23.06.2025 – 17.08.2025.
Medisinstudentar med lisens er velkomne til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Delta i utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar med rettleiing frå overlege
- Delta i vaktordning på Psykiatrisk klinikk sine einingar og sengepost for barn og ungdom (UPH)
- Ein må rekne med å gjere teneste ved sengepostar og poliklinikk etter dei behov avdelinga har
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Medisinstudentar med lisens er velkomne til å søkje.
- Gode språkkunnskapar i norsk, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Søkjar må ha førerkort i klasse B
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt utbygde IT tenester. Vi brukar pasientsystemet Dips.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sigmund Erling Bjørhovde, Seksjonsleiar Legar PSK, +47 900 37 348
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4872427183
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Psykiatrisk klinikk, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 5 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |