Sommarvikariat – Cand.med./ Medisinerstudent med lisens – Medisinsk- og ortopedisk seksjon LSH, Helse Førde
Natur og miljø Veterinærer og dyrepleiere(23 hours ago)
Job Description
Published 14-11-2024
Deadline: 02-12-2024
Sommarvikariat – Cand.med./ Medisinerstudent med lisens
Medisinsk seksjon ved Lærdal sjukehus har i perioden 16.06.2025 – 31.08.2025 behov sommarvikarar på Medisinsk- og ortopedisk seksjon ved Lærdal sjukehus.
Vi søkjer deg som tar ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Vi kan tilby deg varierte medisinsfaglege utfordringar, og eit godt arbeidsmiljø.
Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF.
Du vil få oppgåver knytt til sengepost, poliklinikk, visittgang og vaktarbeid på Medisinsk- og Ortopedisk seksjon. Du vil på vakt også ha ansvar for skadepoliklinikken. På alle vakter har du erfarne overlegar på bakvakt. Skadepoliklinikken har 24-timars døgnberedskap og handterar dei fleste mindre skader og brot.
Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengepost og poliklinikk
- Stillinga inngår i tredelt plan med arbeid på dag/kveld/natt og arbeid 3. kvar helg.
Kvalifikasjonar
- Vere utdanna lege, klar for LIS1-teneste. Cand. med.
- Legestudentar med lisens kan også søkje – går ikkje nattevakt.
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Gode IKT kunnskapar
- Kjennskap til DIPS Arena/Meona/Orbit er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
- Tåle tidvis høgt tempo
- Ha pasienten i fokus
Vi tilbyr
- Utviklande arbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Varierte medisinskfaglege problemstillingar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
- Personalhytta på Filefjell
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk – og Ortopedisk seksjon LSH
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4885783173
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 02.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Medisinsk- og ortopedisk seksjon LSH, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Natur og miljø |
Yrke | Veterinærer og dyrepleiere |
Sted | LÆRDAL (Adresse: Sjukehusvegen 9 Postnr: 6887) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 16-06-2025 |
Søknadsfrist | 02-12-2024 |