Sommarvikarar – Sengepost og poliklinikk LSH, Helse Førde
Health and social care Medical Secretary(1 week ago)
Job Description
Published 01-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Sommarvikarar
Lærdal sjukehus har behov for ferievikarar sommaren 2025:
- Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidar/hjelpepleiar og assistentar
- Periode: 16.06.2025 – 24.08.2025
Medisinsk sengepost er ein heildøgns sengepost med totalt 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Sogn, og tek i mot det meste av augeblikkleg hjelp frå dette området.
Medisinsk poliklinikk er ein hjartepoliklinikk der ein utfører arbeids-EKG, Ekko Cor og på/avkobling av hjarterytmeregistreringar.
Ber om at det blir opplyst i søknaden kva arbeidsperiode og stillingsprosent som er ønskjeleg.
Vikariat om sommaren kan gje grunnlag for vidare arbeidskontrakt.
Arbeidsoppgåver
- Pasientrelatert arbeid
- Gruppeleiing og medikamenthandtering
- Administrativt- og tverrfagleg arbeid relatert til pasientoppfølginga
- Gi god omsorg for pasient og pårørande
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS arena og Meona
- Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar for stilling som sjukepleiar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar for stilling som helsefagarbeidar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annen norsktest på B2-nivå. dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Erfaring frå arbeid innan helse er sterkt vektlagt
- Gode IKT kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Vere fagleg engasjert, samarbeidsvilleg og fleksibel
- Like ein travel kvardag med nye og varierte oppgåver
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Arbeidsoppgåvene er varierte og spennande
- Løn etter relevant utdanning og ansiennitet
- Gode- pensjons og forsikringsordningar
- Hjelp til bustad
- Naudsynt opplæring vert gitt
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anne- Malene Hande , Einingsleiar Ortopedisk- og Medisinsk poliklinikk, (+ 47) 477 52 466
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar Medisinsk sengepost og Dialyse, (+47) 479 06 594
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4892064683
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sengepost og poliklinikk LSH, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsesekretær |
Sted | LÆRDAL (Adresse: Sjukehusvegen 9 Postnr: 6887) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 10 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |