Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk, sengepostar Førde – Helse Førde

Health and social care Tannhelse/-pleie

(4 days ago)

  • FØRDE
  •  Post Date: 25. November 2024
  •  Expire date: 5. January 2025
Job Description

Published 25-11-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk, sengepostar Førde

Vi treng ferievikarar på sengepostane ved Psykiatrisk klinikk i Førde. Tidsrom: 23.06.2025 – 10.08.2025

Sengepostane våre:

  • Akutt døgn
  • PSK Sikkerheit
  • DPS døgn allmenn
  • DPS døgn psykose 

Tilsetjingsperioden er 8 veker. Skal den vere kortare, må det stå i søknaden.

Opplys i søknaden:

  • Om ikkje 8 veker – kva veker kan du jobbe?
  • Kva for sengepost ønskjer du å jobbe ved?
  • Legg ved dokumentasjon på utdanning og praksis

Akutt døgn har 15 sengeplassaer og er ein lukka, akuttpsykiatriske sengepost. Vårt opptaksområde er hovudsakleg “gamle” Sogn og Fjordane. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile
døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen
psykisk helsevern. Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg.

PSK Sikkerhet har 3 døgnplassar og er ein lukka sengepost for personar med alvorleg sinnsliding og voldsproblematikk. I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein utfordrande og givande arbeidskvardag i eit støttande og ivaretakande arbeidsmiljø.

DPS døgn allmenn har 15 døgnplassar og er ein åpen distriktpsykiatrisk post som i hovudsak behandler mennesker med: depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar, psykosar og eteforstyrringar med meir. Hovudoppgåva er utgreiing og behandling med fokus på miljøterapi. DPS døgn allmenn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Posten er tverrfagleg samansett og har eit aktivt, lærerikt og  kjekt miljø.

DPS døgn psykose har 8 døgnplassar og er ein åpen spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientretta arbeid
  • Turnusarbeid
  • Arbeid annakvar helg

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller 3-årig helse/sosialfagleg utdanning
  • Helsesportspedagog
  • Studentar og andre som vurderar seg sjølv som eigna kan også søkje
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
  • Relevant erfaring
  • Interesse for faget
  • Førarkort kl. B er å føretrekke

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar, har gode samarbeidsevner og respekt for arbeid med menneske som treng helsehjelp
  • God på å kommunisere, ha gode sosiale evner og kunne bygge gode relasjoner 

Vi tilbyr

  • Opplæring i eit fagleg spennande miljø
  • Opplæringskurs for nytilsette
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Kontaktinformasjon

Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar PSK Sikkerhet, 975 22 519
Ingun Indrebø, Seksjonsleiar DPS døgn Allmenn, 478 90 705
Roger Lundekvam, Seksjonsleiar Akutt-døgn, 952 09 377
Stephanie Levy, Seksjonsleiar DPS døgn psykose, 993 78 985

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4890034182
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Tannhelse/-pleie
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f50e61e8-a249-4de8-80ef-86ec8a9251fa
IMPORTAPI