Job Description

Published 10-12-2024
Deadline: 22-04-2025

 

Sommarvikarar dagsenter for heimebuande personar med demens

Assistent/fagarbeidar ved våre dagtilbod for heimebuande personar med demens. Vi har tilbod på Sanitetshjemmet, Hatlahaugen, Borgundheimen og Borgundgavla. For meir informasjon sjå https://alesund.kommune.no/helse-og-omsorg/dagtilbod-og-aktivitetar/dagtilbod-til-personar-med-demens  

Fortløpande tilsetting.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid på dagsenter som skal bidra til meistring, gode opplevingar og auka livskvalitet for brukarane.
  • Bidra til meiningsfulle og gode aktivitetar på dagsenteret.
  • Samhandling med pårørande og andre samarbeidspartar. 

Kvalifikasjonar

  • Vi søker deg som er under utdanning, eller av andre grunnar har mulegheit for å arbeide om sommaren. Vi har ulike alternativ: du kan jobbe heile perioden frå 23.06-22.08.2025, eller dei første fire vekene eller dei siste fire vekene. Ber om at du oppgir i søknaden kva som passar for deg.
  • Grunnleggande datakunnskapar.
  • Krav om førarkort klasse B til nokre av stillingane.

Når du søker stilling som ferievikar i Ålesund kommune, gjeld følgande:
 
1. Søkar må vere fylt 18 år.
2. Søkarar må kunne jobbe om lag heile perioden, spesifiser evt om du ikkje kan det.
3. Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
4. Søknadar registrerast på stillingsmappa (ref.nr) det er levert søknad på. Søknadane ligg i den aktuelle stillingsmappa så lenge den aktuelle verksemda har bruk for vikarar.
5. Ved elektronisk søknad vil du få ei kvittering om at søknaden er motteken. Om, og kor lang tid det tar før du evt. blir kontakta, avheng av verksemda sitt behov for ferievikarar.
6. Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar må ev. leggast fram på førespurnad.
7. Søkarar oppfordrast til sjølv å vere aktive opp mot verksemder dei ønsker å arbeide ved. Dette ved å ta kontakt med verksemda si leiing for å spørje om høve til vikararbeid. Det er berre verksemda sjølv som vil ha oversikt over behov og ev. moglegheiter for tilsetting. All kommunikasjon går difor direkte mot kvar einskild verksemd.
 
Velkomen som søkar til stilling som ferievikar i Ålesund kommune!

Personlege eigenskapar

  • Du er ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
  • Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Du er god på kommunikasjon og samhandling med andre.
  • Du ønsker å jobbe med eldre og bidra til at dei får ein god dag.

Vi tilbyr

  • God opplæring.
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med spanande, aktive og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Lønn etter tariff.

Kontaktinformasjon

Amrei Jakobs, Avdelingsleiar, 901 75 377

Arbeidsstad

Borgundgavlen 52
6015 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4894054156
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 22.04.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Førebygging og meistring, Ålesund kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ÅLESUND (Adresse: Borgundgavlen 52 Postnr: 6015)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 6
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/82e91e9d-3359-4bc2-8b0a-6c22d27b8e0b
IMPORTAPI