Sommarvikar ved Vang folkebibliotek – Vang Kommune
Kultur og kreative yrker Museum, bibliotek, arkiv(3 days ago)
Job Description
Published 24-03-2025
Deadline: 21-04-2025
Sommarvikar ved Vang folkebibliotek
Vang folkebibliotek søkjer etter ein person som vil vere sommarvikar i ville, vakre Vang i Valdres i ca. 60% stilling. Det er tenkt ca 5-6 veker med arbeid ila sommaren 2025, frå siste halvdel i juni til første halvdel august.
Biblioteket ligg på Vangstunet i Vang sentrum, og har ingen filialar, men Bok i butikk på Tyinkrysset og i Ryfoss. Biblioteket er ein viktig og aktiv kulturinstitusjon i kommunen, og er samlokalisert med Vang frivilligsentral.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil vere dagleg drift av biblioteket med det som høyrer til av skrankearbeid, bokrydding, handsaming av fjernlån, lage utstillingar og å møte publikum på ein god måte. Det vil vere mogleg for den som får stillinga å vere med å utforme sin eigen arbeidsdag.
To kveldar i veka er det arbeidstid til 19.15.
Kvalifikasjonar
- Fylt 18 år
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Personlig eignaheit vert vektlagt.
Stillinga krev gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein medarbeidar som har:
- Erfaring og interesse for bibliotekarbeid
- Interesse for litteratur og formidling
- God kompetanse i bruk av digitale verktøy
- God orden
Vi tilbyr
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
- Grundig opplæring i bibliotekdrift
- Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
Nærare opplysningar får du ved å kontakte biblioteksjef Marianne Riste
Kontaktinformasjon
Marianne Riste, Bibliotekssjef, 48142093, marianne.riste@vang.kommune.no
Arbeidssted
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang Kommune
Referansenr.: 4932353740
Stillingsprosent: 60%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 21.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vang Kommune orgnr: 976666704 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vang kommune som arbeidsgjevar:
Å bu i Vang kommune:
Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. |
Webside | http://www.vang.kommune.no |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Museum, bibliotek, arkiv |
Sted | VANG I VALDRES (Adresse: Tyinvegen 5161 Postnr: 2975) |
Stillingstype | Feriejobb Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 21-04-2025 |