Sommarvikar i barnehagane – Aurland kommune
Education Barnehage- og skolefritidsassistenter(2 days ago)
Job Description
Published 06-01-2025
Deadline: 31-03-2025
Sommarvikar i barnehagane
Om stillinga
Me treng sommarvikarar i barnehagane. Det er fint om du skriv kor du ynskjer å jobbe.
Aurland barnehage sto ferdigstilt i mars 2022, og er ein funksjonell og moderne barnehage. Barnehagen ligg fint til nær til bibliotek, grunnskule, fleirbrukshall og supre turområde. Der er fire avdelingar med 18 tilsette og 51 barn.
Flåm barnehage ligg fint til på Lunden, med gode moglegheiter til å bruke naturen omkring. Der er to avdelingar med ni tilsette og 27 barn.
Arbeidsoppgåver
- vere til stades for borna
- vere engasjert i borna
- passe på så ingen fell utanfor
- sette deg godt inn i alle rutinar
- andre praktiske oppgåver
- ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
Me tilbyr
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- Gratis inngang til symjehallen
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid med born er ein fordel.
- Du må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skape tillit og dialog med personale, barn og foreldre.
Personlege eigenskapar
Du må vere ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktig at me er tilstades for born og ungdom, men også har evne til å samarbeide med kollegaer.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Ved tilsetjing må det leggast fram politiattest etter barnehagelova.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Aurland kommune orgnr: 983788599 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
|
Webside | https://www.aurland.kommune.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | AURLAND (Adresse: Skulevegen 5 Postnr: 5745) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 5 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-03-2025 |