Sommarjobb på sjukehus? Me treng deg! – Stord Sjukehus, Helse Fonna HF

Helse og sosial Andre helseyrker

(2 weeks ago)

  • STORD
  •  Post Date: 9. April 2025
  •  Expire date: 27. April 2025
Job Description

Published 09-04-2025
Deadline: 27-04-2025

Sommarjobb på sjukehus? Me treng deg!

Bli med oss i sommar, då vel!

Er du sjukepleiarstudent, medisinstudent, helsefagarbeidar, eller assistent med pleieerfaring? Då kan vi tilby deg ein spennande og lærerik sommarjobb.

Vi har ledige ferievikariat i veke 26–33 på desse avdelingane 👇 

🔹Rehabiliteringspost
🔹Hjerte/ lunge/ gastro post
🔹Slag/ generell indremedisinsk post

Her får du verdifull erfaring, gode kollegaer og moglegheit til å utvikle deg – alt i eit trygt og støttande arbeidsmiljø.

Heilt ærleg: nokre dagar kan vere ganske travle, men det betyr også at du får sjansen til å lære mykje på kort tid. Vi vil gjere vårt beste for at du skal kjenne deg trygg og klar til oppgåvene dine.

Vi anset fortløpande – søk tidleg for å sikre deg jobben! 🚀

Kva går jobben ut på?

  • Hjelpe pasientar med personleg hygiene, måltid og mobilisering
  • Sørgje for reint sengetøy, orden på pasientrom og etterfylling av utstyr
  • Vere til stades for pasientane og bidra til at dei føler seg trygge
  • Observere og rapportere til sjukepleiarar
  • Følgje pasientar til undersøkingar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert helsefagarbeider, eller student innan sjukepleie/medisin
  • Det er ein fordel med erfaring frå sjukehus- og pleie.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • Er glad i mennesker og ønsker å bidra til at pasientane føler seg trygge og godt ivaretatt.
  • Ser når noko må gjerast, då tek du tak og finn ut av ting – anten på eiga hand eller i samarbeid med kollegaer.
  • Likar å jobbe sjølvstendig, men du er ikkje redd for å be om hjelp av kollegaene dine.
  • Møter både pasientar, pårørande og kollegaer med eit smil.
  • Trivst med å jobbe saman i team.

Kvifor skal du velje oss?

  • Trygg start – Du får opplæringsvakter før du begynner, så du er godt førebudd.
  • Fleksibilitet – Vi finn ei stillingsstørrelse som passar for deg.
  • Du er aldri aleine – Gode kollegare stiller opp for deg.
  • Variasjon i kvardagen – Du får jobbe med ulike oppgåver, så ingen dagar er like.
  • God stemning på jobb – Vi har eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.

Har du spørsmål? Ta kontakt – Angelica hjelper deg gjerne med å finne ut om dette er den rette sommarjobben for deg! 😊

Kontaktinformasjon

Angelica Hovland, Rådgiver, +47 52732067

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4952435948
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 27.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stord Sjukehus, Helse Fonna HF orgnr: 974742985
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted STORD (Adresse: Tysevegen 64 Postnr: 5416)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 8
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b2b200c6-e55c-4e08-b601-84316b6e5116
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31