Sommarjobb på Jåttå – Forsvarsbygg

Construction Andre ingeniører

(3 days ago)

  • STAVANGER
  •  Post Date: 19. March 2025
  •  Expire date: 10. April 2025
Job Description

Published 19-03-2025
Deadline: 10-04-2025

Sommarjobb på Jåttå

Forsvarsbygg på Jåttå søker sommarvikarer til ulike oppgåvar innan utendørsvedlikehald
Vi søker 3 sommervikarar som skal jobbe i vekene 27-31. 

Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i innanfor den oppgitte perioden (veke 27-31). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.

 
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb 

Arbeidsoppgåver

  • Vegetasjonsrydding
  • Maling
  • Påkommande arbeid, som til eksempel rydding inne og ute

Kven ser vi etter?

 Vi ser etter deg som er:

  • God til å samarbeide
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Påliteleg
  • Ansvarleg

Kvalifikasjonar

  • Søkar må vere over 16 år, eller fylle 16 år i løpet av året.
  • God orden og oppførsel
  • Må kunne autoriserast før oppstart
  • Det er ønskeleg med førarkort kl B

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller hjelpearbeid (kode 1138/1115), frå kr. 282 700,- – 404 900,- i brutto årleg lønn.

Kontaktinformasjon

Even Moe Egenes, Fung. driftskoordinator, 466 44 042

Arbeidssted

4068 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Forsvarsbygg

Referansenr.: 4931195274
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 10.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Forsvarsbygg orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Webside http://www.forsvarsbygg.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted STAVANGER (Adresse: Postnr: 4068)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/87d58b1a-723c-4093-a216-f5530a357763
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31