Sommarjobb innen reinhald på Terningmoen – Forsvarsbygg
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(1 week ago)
Job Description
Published 13-03-2025
Deadline: 08-04-2025
Sommarjobb innen reinhald på Terningmoen
Forsvarsbygg på Terningmoen søker 2 evt. 4 sommarvikarar innan reinhald i vekene 26 – 32. Perioden kan delas opp slik at 4 vikarar kan jobbe 3 eller 4 veker kvar.
Ver vennleg å oppgi i søknaden kva periode du er interessert i å jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3 eller 4 veker innanfor den oppgitte perioden (veke 26-32). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Utføre regelmessig dagleg reinhald og periodisk reinhald, og dessutan nedvask
- Andre reingjeringsrelaterte oppgåver innan fagområdet
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har ein ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene. Vi skal levere gode reinhaldstenester, noko som stiller krav til at du er opptatt av å levere god kvalitet og samarbeider godt med andre. Dersom du også har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og serviceinnstilt, kan dette vere rett stilling for deg.
Kvalifikasjonar
- Søkarar må vere over 16 år
- God orden og åtferd
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
- Du må kunne autoriserast før oppstart
- Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller renhaldsbetjent (kode 1138/1129), kr. 282 700,- – 404 900,- i brutto årleg lønn.
Kontaktinformasjon
Line Søberg, Renholdsleiar, 488 91 993
Arbeidsstad
Hamarvegen 110
2406 Elverum
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Forsvarsbygg
Referansenr.: 4938472207
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Forsvarsbygg orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde. Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet. Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver. |
Webside | http://www.forsvarsbygg.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | ELVERUM (Adresse: Hamarvegen 110 Postnr: 2406) |
Stillingstype | Feriejobb Heltid Antall stillinger: 4 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-04-2025 |