Sommarjobb innan plan, teknisk, miljø og samfunnsutvikling – Vestre Slidre kommune
Construction Arealplanlegging og arkitektur(1 day ago)
Job Description
Published 17-03-2025
Deadline: 20-04-2025
Sommarjobb innan plan, teknisk, miljø og samfunnsutvikling
Sommarjobb 2025
Vi har ledige sommarjobbar innan reinhald, vedlikehald og tekniske tenester.
Vi har ulike stillingar og det er mogieg å dele opp stillingane gjennom sommaren slik at det kan kombinerast med ferie/ deltid.
Høyres dette interessant ut?
Send oss ein open søknad innan 20. april 2025, kanskje er det akkurat deg vi leiter etter!
Kjenner du nokon dette passar for, så del gjerne!
Arbeidsoppgåver
Det vil vera mange ulike arbeidsoppgåver som skal løysast, her er eit lite utval:
reinhald, grasklypping, luking av bed, soping, rydding, måling, samt andre førefallende arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
- Minimum fylt 16 år.
- Det er ynskjeleg med mobilitet for å kome ut til ulike arbeidsstader, men ikkje eit krav.
- Må beherske muntleg norsk.
- Forståing for HMS-arbeid og rutiner.
Personlege eigenskapar
- God fysisk form.
- Gode samarbeidsevner.
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig.
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
- Gode forhold for samarbeid og læring.
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Kontaktinformasjon
Vidar Jernæs Strand, Dirftsleiar vaktmester og reinhald, 99457827, vidar.jernes.strand@vestre-slidre.kommune.no
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 4927882833
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 20.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vestre Slidre kommune orgnr: 974596970 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Andre opplysningar Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje. Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar. Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen. Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no |
Webside | http://www.vestre-slidre.kommune.no |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Arealplanlegging og arkitektur |
Sted | SLIDRE (Adresse: Slidrevegen 16 Postnr: 2966) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 20-04-2025 |