Job Description

Published 01-12-2024
Deadline: 17-12-2024

 

Skipsførar reservefartøy Arsvågen-Mortavika, p.t. MF Bergensfjord

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har ledig stilling som skipsførar på reservefartøy Arsvågen – Mortavika pt. MF Bergensfjord. I denne stillinga vil ein ha ein variert kvardag med både dagleg tilsyn og vedlikehald og i periodar gå i rutedrift på sambandet Arsvågen – Mortavika. Reservefartøyet ligg til vanleg på Garpaskjærskaien i Haugesund.

Skiftordning: Sjøvaktordning – 2 veker på og 2 veker av.

Ein bur ombord i vaktperioden, og får dekt reisekostnader til/frå arbeid.

Oppstart snarast.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Arbeidsoppgåver

I høve til stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • D1-sertifikat
  • VHF/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandteringskurs
  • Ferdighetssertifikat vidaregåande IGF
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskaper
  • Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • God kommunikasjonsevne
  • Positiv og løysingsorientert
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffiserforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Sjøvaktsordning, 2 veker på, 2 veker av. Bur ombord i arbeidsperioden.

Kontaktinformasjon

Kim André Arnesen, Operativ leiar, +47 95798552

Arbeidsstad

Riksveg 61
6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4892065146
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr: 974737647
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Transport og lager
Yrke Sjøfart
Sted HAREID (Adresse: Riksveg 61 Postnr: 6060)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1a22364f-684e-4473-b10c-1c3516ec9b3b
IMPORTAPI