Skånevik skule søkjer ein engasjert rektor – vil du vera med å forma framtida? – Etne kommune Skånevik skule
Education Ledere av undervisning og utdanning(20 hours ago)
Job Description
Published 17-12-2024
Deadline: 16-01-2025
Skånevik skule søkjer ein engasjert rektor – vil du vera med å forma framtida?
Har du lyst til å vera ein del av eit spennande oppvekstmiljø i Etne kommune? Er du ein leiar som brenn for utvikling, læring og samarbeid? Då kan dette vera stillinga for deg!
Kven er me?
I Etne kommune finn du Skånevik skule – ein 1-10-skule med 103 flotte elevar og 21 engasjerte tilsette. Skulen er for tida 7-delt og har eit nært og godt samarbeid med Skånevik barnehage. Her legg me vekt på at barn og unge skal oppleva ein trygg og inspirerande kvardag der dei får utvikla seg fagleg og sosialt.
I Etne kommune står verdiane Trygg – Raus – Engasjert i sentrum. Me ynskjer å skapa ein kultur prega av samarbeid og samskaping, der alle kjenner seg verdifulle og inkluderte. Me ser nå etter ein rektor som kan leia skulen med tydeleg retning, varme og handlekraft.
Kva vil du jobba med?
Som rektor ved Skånevik skule vil du få ein spennande kvardag der ingen dagar er like. Du vil:
- Leia og utvikla det pedagogiske arbeidet for å sikra eit godt læringsmiljø
- Ha personalansvar og arbeida tett med dei tilsette for å skapa eit sterkt og positivt arbeidsmiljø
- Ha ansvar for økonomistyring og administrasjon med rom for eigen påverknad
- Byggja gode relasjonar med foreldre og eksterne samarbeidspartar
- Vera ein nøkkelperson for å skapa eit trygt, utviklande og inkluderande skulemiljø
Administrasjonsressursen på 155% gir deg støtte i kvardagen, og du vil ha høve til å påverka korleis ressursane vert fordelt.
Kven er du?
Me ser etter ein leiar som er:
- Fagleg sterk med relevant pedagogisk utdanning
- Gjerne med leiarerfaring og leiarutdanning i bagasjen
- Ein som forstår økonomistyring og har god struktur og orden
- God til å kommunisera munnleg og skriftleg – på nynorsk
- Ein lagspelar med evne og vilje til samarbeid
Kvifor Skånevik skule?
Som rektor hjå oss vil du bli ein del av eit positivt og samarbeidsorientert arbeidsmiljø. Me tilbyr:
- Rom for personleg og fagleg utvikling.
- Konkurransedyktige vilkår med lønn etter avtale.
- Ein kvardag fylt med variasjon, utfordringar og glede.
Med skulen og barnehagen som sterke samarbeidspartnarar, og med Etne kommune sitt fokus på oppvekst og kultur, vil du få høve til å setja ditt preg på framtida til borna våre.
Er du klar for å bli vår nye rektor?
Les meir om oss på Etne kommune sine heimesider, Etne kommune eller Skånevik skule si heimeside og Facebook. Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med kommunalsjef oppvekst og kultur Mona R. Sævik 41 45 55 34.
Skånevik skule treng deg – ta utfordringa, og bli med på laget!
Annan informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO