Job Description

Published 02-10-2024
Deadline: 17-10-2024

 

Sjupleiarvikar i 40% ved Husnes Helsesenter

Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter. Husnes er største tettstaden, har to barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

 

40% vikariat som sjukepleiar ved Husnes helsesenter frå 01.01.2025 til 31.12.2025 og tilkallingsvikarar 

Husnes helsesenter søker sjukepleier 40% stilling og tilkallingsvikarar. Husnes legesenter har i dag 8 fastlegar og 8 helsepersonell som betener ca. 5700 pasientar. Vi er opptatt av å møta heile pasienten. Vi søker deg som har ekte og oppriktig engasjement for menneske som er akutt sjuke, som er ansvarsbevisst og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi ønsker oss engasjerte kollegaer som liker å jobba i eit hektisk miljø, og som kan vera med å utvikla helsesenteret vidare.

Arbeidsoppgåver på helsesenteret:

  • Handtere førespurnader frå innbyggarar i Kvinnherad kommune, som treng medisinsk hjelp. Kunne rettleia og gi råd til pasientar. Vidare prioritera og setja i verk behandlingsnivå
  • Ivareta dokumentasjonsplikt og kvalitetssikring av verksemda
  • Laboratoriearbeid
  • Behandle kroniske og akutte tilstandar på skadestove
  • Hjelpa og assistera lege ved kirurgiske inngrep og undersøkingar
  • Administrering av medikament etter ordinasjonen frå legen

 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar med autorisasjon
  • Vi ønsker personar som har erfaring frå tilsvarande arbeid, men nødvendig opplæring vil bli gitt. Det vil vera ein stor fordel om søkjar har erfaring i bruk av InfoDoc som journalsystem
  • Må kunna handtera akutt-situasjonar og inneha høg arbeidskapasitet. Ha interesse for å jobba med akutt sjuke pasientar
  • IKT- kunnskapar
  • Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevne. Meistra norsk munnleg og skriftleg

 

Ønskte personlege eigenskapar

Vi ønsker kreative og engasjerte tilsette med eit positivt og inkluderande menneskesyn.

Personleg eigenskapar for stillinga som: sjølvstende og tryggleik i rolla som sjukepleiar, men samtidig ha evne til å jobba i tverrfaglege team.

Søkjarar må vera førebudd på å stilla til intervju. Ta med originale dokument, attestar og identifikasjon ved intervju/frammøte.

Du må gi opp minimum to referansar (namn og kontaktinformasjon) i kompetanseregistreringa.

Stillinga er ledig frå 01.01.2025 eller etter avtale.

Søknadsfrist: 17.10.2024

 

Bruk elektronisk søknadsskjema, det finn du under ledige stillingar på Kvinnherad kommune si heimeside: www.kvinnherad.kommune.no

 

 

Vi tilbyr

– Lønn i samsvar med gjeldande avtaleverk

– Gode pensjons- og forsikringsordningar

– Utviklande og spennande stilling der få dagar er like

– Eit godt fagmiljø

– IA-avtale og bedriftshelsetenester

 

Tilsetjing

Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Lønn etter avtale i forhold til utdanning og praksis.

Politiattest må leverast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova § 5-4.  Politiattest skal ikkje leggast ved søknad, men skaffast etter at tilbod blir gitt, jf. politiregisterforskrifta § 36-1 nummer 3.

 

Offentligheit

Opplysningar om søkar kan bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jamfør Offentligheitsloven § 25.

 

Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:

Avdelingsleiar for Husnes helsesenter Monica Helvik Sletten, tlf. 53 46 16 00

Einingsleiar Helse Irina Zimina tlf. 488 94 055, irina.zimina@kvinnherad.kommune.no

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Helse orgnr:
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Webside
Bransje Reiseliv og mat
Yrke Reiseliv, hotell og overnatting
Sted ROSENDAL (Adresse: Rosendalsvegen 10 Postnr: 5470)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/57761698-c21a-4e5f-b17b-8df188e43735
IMPORTAPI