Sjukepleier – 100 % fast Såta bu og servicesenter – Alver kommune

Health and social care Nurse

(1 week ago)

  • ISDALSTØ
  •  Post Date: 27. November 2024
  •  Expire date: 15. December 2024
Job Description

Published 27-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Sjukepleier – 100 % fast Såta bu og servicesenter

Om stillinga

Vi starter opp ny avdeling for personer med demenssjukdom og har ledige 100 % faste sjukepleiarstillingar. Stillingane har 2 delt turnus  med arbeid kvar 3 helg, eller langvakter kvar 4 eller 6 helg som er prøveordning. Det vil også kunne være mogleg med langvaktsturnus i vekene som ei prøveordning dersom du ønskjer, og vi får godkjent søknad for det. 

Såta bu og servicesenter

Vi  startar opp ei ny langtidsavdeling for personar med demenssjukdom . Denne avdelinga vil bli ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og ho ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.

Avdelinga har kapasitet til 12 personar med demenssjukdom og vi vil også kunne tilby forsterka skjerma eining ved behov. Vårt mål er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.

Gjennom eit kompetent team vil vi fokusere på individuell tilnærming og aktivisering, slik at kvar enkelt kan oppleve glede og livskvalitet. Vi ser fram til å gi bebuarane eit godt liv og ein trygg kvardag i våre nye, innbydande omgjevnader.

Ved avdelinga vil det vere eit variert team beståande av sjukepleiarar, hjelpepleiarar, pleiemedhjelparar og lege. Som sjukepleiar i avdelinga vil du bli ein del av eit godt fagmiljø, der du får moglegheit til å bidra aktivt i oppstarten av den nye avdelinga.

Vi ønskjer at du skal bruke din kompetanse til å utvikle tilbodet vårt og skape eit trygt og omsorgsfullt miljø for pasientane. 

Ditt engasjement og faglege innspel vil vere avgjerande for å bygge eit sterkt team og ein positiv kultur i avdelinga.

 

Arbeidsoppgåver

Vi har som mål å gi fagleg forankra pleie og omsorg til våre pasientar. Dette inneber å tilpasse pleien etter den enkeltes behov og ynskjer, samt å sikre høg kvalitet i tenestene vi tilbyr. I stillinga di vil du delta aktivt i fagutviklinga i avdelinga og vere ein god rollemodell for både kollegaer og studentar. 

Som sjukepleiar vil du ha det faglege ansvaret på dag/kveld og helg  Dette inneber å overvåke pasientane sin helse og sikre at nødvendige tiltak blir iverksette. Dokumentasjonen skal skje i samsvar med helsepersonellova, og det er viktig at all informasjon om pasientane er korrekt og oppdatert til ei kvar tid. Ein viktig det av arbeidet er å sikre ivaretagelse av og godt samarbeid med pårørande saman med kollegaer og leiar ved avdelinga. 

Som sjukepleiar vil du ha ansvar for gjennomføring og oppfølging etter  legevistt ved avdelinga. Du vil også bidra til utviklinga av avdelinga med fokus på kva som er best for både pasientane og kollegaene. Vi ønskjer eit samarbeid som fremjar trivsel og utvikling.

Deltaking i utviklinga av den enkelte bebuar sin pleieplan er sentralt. Vi legg vekt på å forstå kva som er viktig for kvar enkelt bebuar, og korleis vi best kan møte deira behov.

Vi ser fram til å ha deg med på laget for å skape eit godt og fagleg sterkt miljø for både pasientar og medarbeidarar ved avdelinga.

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sykepleier
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 – test
  • Gyldig arbeids og oppholdstillatelse

Kven er du?

Du er ein sjukepleiarar som har ein genuin interesse for fagfeltet og som brenn for å utvikle tilbodet vårt. Du har gode kommunikasjonsevner, og kan dele kompetanse og kunnskap med kollegene dine for å styrkje fagmiljøet. Du er ein som vil bidra med innovative løysingar som kan forbetre omsorga vi gir.

Det er viktig at du kan jobbe strukturert og har ein løysingsfokusert tilnærming. Som sjukepleiar vil du spele ei avgjerande rolle i å sikre at våre pasientar og deira pårørande opplever tryggheit og verdigheit, sjølv når dei møter utfordringar.  Du har positiv innstillig og bidrar aktivt for et godt arbeidsmiljø

Du har eit godt fagleg fokus og handterer utfordringar på ein konstruktiv måte. Dersom du er klar for å ta del i dette viktige arbeidet, vil vi gjerne ha deg med på laget! 

Vi tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid
  • Årsturnus
  • Høve for langvakter i helg eller veke som ei prøveordning
  • Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 974551624
Kort om arbeidsgiver

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ISDALSTØ (Adresse: Kvernhusmyrane 25 Postnr: 5914)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a2b833c1-5d39-4079-bd19-b389c38bd31d
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271550