Job Description
Published 24-03-2025
Deadline: 08-04-2025
Sjukepleiar?
1 fast stilling som sjukepleiar inntil 80% i institusjon frå omlag 1.6.25 – langvakter om interesse
Om avdelinga: Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, 2 mil frå Voss Sentrum. Me har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning. Heimetenesta har stort geografisk område med omlag 50 heimebuande som har tenester hjå oss. Me har eigen dagavdeling 2 dagar for veka.
Me tilbyr:
- Fast rekrutteringstillegg for sjukepleiar/spesialsjukepleiar.
- Årsturnus
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter med arbeid kvar 4. helg
- Tilrettelegging for vidareutdanning og anna kompetanseheving
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Gode datakunnskapar. Opplæring i fagsystem vil verta gitt
- Førarkort klasse B
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad – Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer deg som:
- Er god på samarbeid
- Er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
- Er ein positiv pådrivar i endringsarbeid og utvikling av tenestene
Arbeidsoppgåver:
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Dokumentera helsehjelp i journalsystem
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt
- Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
- Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
- Tett samarbeid med kollegaer, fastlege, fysioterapeut, legevakt, og sjukehus.
- Oppfylgjing av studentar i praksis
- Ansvaleg for å halda seg fagleg oppdatert
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO