Sjukepleiar vikar ved legekontor – Bykle kommune, Bykle

Health and social care Nurse

(2 weeks ago)

  • BYKLE
  •  Post Date: 12. November 2024
  •  Expire date: 29. November 2024
Job Description

Published 12-11-2024
Deadline: 29-11-2024

 

Sjukepleiar vikar ved legekontor

Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Bykle er vetskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, kommuneoverlegen, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus. Vi har tre lege kontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4 fastlegestillingar og 2 turnuslegestillingar. Legekontora har god dekning av hjelpepersonell, er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og laboratorium. Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta gjennom bla. telemedisinske løysingar. Arbeidsoppgåvene til Bykle og valle kommunar er varierte og utfordrande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi opptil 25.000 i høgsesongen. Vi har no ledig ein 100% vikar stilling som sjukepleiar på legekontor.

Arbeidsoppgaver

Stillinga inngår i bemanninga på våre tre legesenter og arbeider mot fastlegepraksis og legevakt. Arbeidsoppgåvene mot fastlegane handler i hovudsak om prøvetaking, assistanse ved undersøking og kirurgiske inngrep, vidarebehandling av prøvemateriale, og dessutan skadestovearbeid som sårskift, suturfjerning, øreskylling m.m.

Arbeidsoppgåvene mot legevakt handlar om mottak, observasjon og vurdering av øyeblikkeleg hjelp pasientar, oppstart av behandling og stabilisering av pasient for eventuelt vidare transport til sjukehus. Sjukepleiaren må kunna handtera alle førespurnadar mot legevakt/fastlege og ha god forståing for optimal pasientflyt. Våre legekontor har eige røntgenapparat, der pasienten vert diagnostisert og eventuelt gipsbehandlet i avdelinga. Sjukepleiar har ansvar for vedlikehald og kontrollrutinar på alle apparat og akutt behandlingsutstyr.

Stillinga inneber arbeid i mellombels vaktplan i høgsesong (CA. veke 50- veke 18), som inkluderar óg helge- helligdagsarbeid. Sjukepleiaren må kunne arbeide sjølvstendig og inneha eit høgt fagleg kunnskapsnivå, og dessuten gode samarbeidsevner mot legevakt/ambulansepersonell/andre helsepersonell. Ved ny akuttforskrift vil det kunna forventast at sjukepleiar utfører oppgåver innan formidling av legevaktførespurnader. Om sumaren er det vanleg at vi er samlokalisert i Bykle Helsehus. Vi er eit helsesamarbeid, som betyr at du til tider må kunne jobbe på Hovden, i Bykle eller i Valle.

Kvalifikasjoner

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner mot fastlege, ambulansepersonell og anna helsepersonell
  • Erfaring med bruk av InfoDoc vil vera ein fordel, men opplæring vil verte gjeve
  • God framstillingsevne på skandinavisk, både munnleg og skriftleg, samt basale engelskkunnskapar
  • Førarkort klasse B

Personlige egenskaper

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til samarbeid og bidra til eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Evne til å arbeide systematisk og strukturert
  • Innovativ i høve utvikling av fagområder og tenesta i sin heilskap
  • Fleksibel og oppteke av endrings- og forbetringsarbeid

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø
  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjerelse etter eige reglement
  • Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluft både sumar og vinter
  • Barnehadeplass og SFO plass frå dag ein i kommunen
  • Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald
  • Bedriftsleilegheit i Kanalbyen, Kristiansand

Krav om politiattest

Oppdatert CV, vitnemål og attestar lastas opp i Webcruiter. Aktuell kandidatar vert invitert til intervju.

 

Tilsetjing på dei vilkår som går fram over lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.

Bykle kommune er opptatt av mangfold og me oppmodar derfor alle som er kvalifserte til å søke hos oss. 

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjer ikke kontakt med annonseseljarar.

Kontaktinformasjon

Kjetil Juva, Tenesteleiar Helse, 97574410

Arbeidssted

Sarvsvegen 14
4754 Bykle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: 4882587517
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 29.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bykle kommune, Bykle orgnr: 994681362
Kort om arbeidsgiver

Bykle kommune som arbeidsgjevar:

  • Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar 
  • Vi er ca. 190 tilsette
  • Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
  • Vi er ei IA-bedrift

Om Bykle:

  • Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
  • Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
  • Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
  • Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
  • Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter 
  • Det er løpande SFO- og barnehageopptak 

Avstandar:

  • Bykle – Kristiansand er 18 mil
  • Bykle – Oslo er 29 mil
  • Bykle – Stavanger er 33 mil
  • Bykle – Bergen er 35 mil
Webside Bykle.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted BYKLE (Adresse: Sarvsvegen 14 Postnr: 4754)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ea7ee327-f2b7-4907-837c-29402482dfff
IMPORTAPI