Sjukepleiar/ vernepleiar – Tenesta for psykisk helse og rus
Health and social care Nurse(3 days ago)
Job Description
Published 11-11-2024
Deadline: 30-11-2024
Sjukepleiar/ vernepleiar
I Ørsta kommune er det ledig 2×100 % stilling for sjukepleiar/vernepleiar i tenesta for psykisk helse og rus.
Teneste for psykisk helse og rus skal ha fokus på at mennesket i størst mogleg grad skal kunne meistre sitt eige liv og oppleve verdigheit. Tenesta skal bidra til å skape gode livsvilkår for menneske som har behov for psykisk helsehjelp ved å formidle tru på betring, moglegheit til å ta eigne val og påverke eige liv.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge, vurdere, planlegge og legge til rette for å auke livskvalitet med fokus på meistring.
- Delta i tverrfagleg samarbeid med andre instansar i og utanfor kommunen.
- Oppfølging i form av støttesamtalar, aktivitetar og arbeid.
- Psykoedukasjon, nettverksarbeid, praktisk hjelp, økonomisk bistand, m.m.
- Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter off. godkjent sjukepleiar eller off. godkjent vernepleiar. Andre med 3 årig helse- eller sosialfagleg utdanning kan også søkje stillingane.
- Tilleggsutdanning innan psykisk helse vil vere ein styrke
- Krav om førarkort klasse B
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer samfunnsengasjerte søkjarar som trivast å jobbe med mennesker
- Du må ha evne til å jobbe både sjølvstendig og i team/brukarretta samarbeid
- Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, godt humør og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Struktur av arbeidskvardagen er naudsynt i ein krevjande og interessant kvardag
Vi tilbyr
- Gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegar og trivleg arbeidsmiljø
Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. Tilsette kan få jobbe langevakter på helg og i vekene. Det kan vere med å gi fleksible friperioder.
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 Gr.2 – stillingar med krav om min. 3 årig høgskuleutdanning
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Søkjarane vert vurderte ut frå ei heilskapsvurdering og personlege eigenskapar vert vektlagt. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleg søkjarliste:
I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsynpå valeg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnalg for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Joanne Picton Aarseth, Avd.leiar tenesta for psykisk helse og rus, 994 95 111, joanne.aarseth@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Berte Kanutte-Vegen 6a
6150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4878086644
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 30.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tenesta for psykisk helse og rus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap |
Webside | https://www.orsta.kommune.no/arbeid/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | ØRSTA (Adresse: Berte Kanutte-Vegen 6a Postnr: 6150) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 30-11-2024 |