Sjukepleiar/vernepleiar – Myrvåg omsorgssenter, seksjon B
Health and social care Nurse(16 hours ago)
Job Description
Published 29-09-2024
Deadline: 14-10-2024
Sjukepleiar/vernepleiar
Ønsker du å bidra til å gi personar med demens ein trygg kvardag? Vi har ledig ei fast 100 prosents stilling for sjukepleiar/vernepleiar ved Myrvåg omsorssenter, seksjon B. Her arbeider vi særskild med individtilpassa miljøarbeid.
Stillinga er delt i 80 prosent ved for tida seksjon B og 20 prosent ved bemanningsteamet i indre. Det vil seie at vakter kan være fordelte på begge seksjonane i Myrvåg. Arbeidstida er organisert i todelt turnus, med arbeid to av seks helger. Vi er i ein prosess med å planlegge årsturnus, med moglegheit for 12,5 timers vakter på helg for tilsette som ønsker det. Stillinga er ledig frå dags dato.
Arbeidsoppgåver
- individtilpassa miljøarbeid
- følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
- fagleg hovudansvar for legemiddelhandtering
- utarbeide og følge opp tiltaksplan
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
- rettleie og samarbeide med pårørande
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- vidareutdanning og/eller erfaring innan demensomsorg, miljøterapi eller psykiatri er ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og utan å miste fatninga
- møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
- likar faglege utfordringar der arbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande
- har fokus på heilskapleg pasientforløp
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- fagdag i turnus
- bevegeleg arbeidstid (BAT) som gir tilsette fleksibilitet i turnus og moglegheit til å påverke eiga arbeidstid
- stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
- IA-bedrift
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ane Nærø, Seksjonsleiar, +47 93875336
Arbeidsstad
Åsvegen 13
6080 Gurskøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 4862547278
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Myrvåg omsorgssenter, seksjon B orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. «Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår! |
Webside | www.heroy.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | GURSKØY (Adresse: Åsvegen 13 Postnr: 6080) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 14-10-2024 |