Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar – Luster kommune Gaupne omsorgssenter
Health and social care LPN (nurse)(2 days ago)
Job Description
Published 22-10-2024
Deadline: 10-11-2024
Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar
Stillingsinformasjon:
- Det er ledig 3 x 80-100 % faste stillingar som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar ved Gaupne omsorgssenter
- To av stillingane har for tida moglegheit for langvakter kvar fjerde helg, ein stilling har vanlege vakter kvar tredje helg
- Tilsette ved Gaupne omsorgssenter yter tenester til omsorgsplassar, heimebuande i Gaupne og Jostedal og korttidsavdelinga. Stillingane i denne utlysinga er for tida på omsorgsplass
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Ansvar for jounalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande utifrå retningslinjer
- Rettleia og følgje opp studentar, elevar og lærlingar
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar (to av stillingane)
- Offentleg godkjent helsefagarbeidar (ein stilling)
- Førarkort kl B
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
Me legg vekt på:
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løsningsorientert
- Personleg eigenskapar
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
Me kan tilby:
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Tilsett må levere politiattest
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO