Sjukepleiar – Vanylven helse og omsorgsenter, avd 2 Vanylven kommune

Health and social care Nurse

(2 weeks ago)

  • FISKÅ
  •  Post Date: 5. December 2024
  •  Expire date: 5. January 2025
Job Description

Published 05-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Sjukepleiar

Vanylven Helse og Omsorgssenter, avdeling 2 har ledig inntil 200% fast stilling som sjukepleiar.
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!

Avdeling 2 har totalt 25 plassar fordelt på tre grupper. Langtidsplassar, kortidsplassar og rehabilitering, KAD seng for akutt behandling, og rom for palliativ behandling. Her er også ei eiga skjerma eining for demens.   

Som sjukepleiar på avdeling 2 jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser, rehabilitering av pasientar frå sjukehus og palliativ behandling i livets sluttfase. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter. 

Vanylven helse- og omsorgssenter har god sjukepleiarfagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.

Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet inneber per tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld, med arbeid kvar tredje helg.  I desember 2024 starta vi opp med årsturnus, noko som vil skape forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje. 
Avdeling 2 er lokalisert i andre etasje ved Vanylven helse-og omsorgssenter på Fiskå, som sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt. 

Vanylven kommune har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling. Vi har også avtale om nedbetaling av studielån med 15% pr. år inntil 28 000,- dersom du bur eller flyttar til kommunen.  

Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga. 
Om du er i sluttfasen av sjukepleiestudiet, må du gjerne søkje fast stilling hos oss allereie no.    

Arbeidsoppgåver

Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
Sørge for god dokumentasjon, vi brukar Helseplattforma. 
Vurdere og kartlegge behov hos bebuarane 
Medikamenthandtering 
Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar
Sikre gode pasientforløp
Ta i bruk velferdstekologiske løysingar

Kvalifikasjonar

Offentleg godkjend/autorisert skjukepleiar
Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
Godkjent politiattest
God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy
Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg 
Effektiv fleksibel og løysingsorientert
Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
Positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar

Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø

Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar

Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid

Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar

Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre

Personleg egnaheit blir vektlagt 

Vi tilbyr

Lønns og pensjonsbetingelsar iht tariffavtale

Faglege utfordringar

Spennande og variable kvardagar 

Moglegheit for eigenutvikling

Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer

Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg

Moglegheit for tilrettelagt turnus

Tilrettelegging for vidareutdanning på områder som Vanylven kommune har behov for

Rekrutteringstillegg

Gode pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, 47638029

Arbeidsstad

Reitebakkvegen 23
6143 Fiskåbygd

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 4893474480
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vanylven helse og omsorgsenter, avd 2 Vanylven kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FISKÅ (Adresse: Reitebakkvegen 23 Postnr: 6143)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b22a928c-8371-47b9-a800-a488e91f38cf
IMPORTAPI