Sjukepleiar – Tenesteområde Butenester, Haram kommune

Health and social care Nurse

(21 hours ago)

  • VATNE
  •  Post Date: 9. January 2025
  •  Expire date: 2. February 2025
Job Description

Published 09-01-2025
Deadline: 02-02-2025

 

Sjukepleiar

Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Stillinga er for tida ledig i avdeling Haram bustadar 2, avdeling Solbakken bukollektiv. 
Stillinga er ledig frå 1 mars 2025, eller etter avtale. 

Solbakken bukollektiv er ei underavdeling til Haram bustadar 2. Solbakken består av bukollektiv for vaksne, avlastning for vaksne og barnebolig. Basen til butenesta ligg i Brattvåg, der vi har eit stort og moderne medisinrom. Oppmøte kan difor enkelte dagar vere på basen i Brattvåg, for medikamenthandtering og andre møte. Som sjukepleiar på Solbakken vil du jobbe i eit tverrfaglig team i lag med dyktige miljøterapeutar og andre med helsefagleg bakgrunn.

Turnus for stillinga er dag- og kveldsvakter, med langvakter kvar 4.helg. 

Butenesta skal i ei 4 årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk med å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen “Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming”. Som sjukepleiar får du vere ein del av dette arbeidet. 

Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid. 
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga. 
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Veiledningsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
  • Primærkontaktrolle.
  • Legemiddelhandtering.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.

Personlege eigenskapar

  • Du viser initiativ og er kreativ. 
  • Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
  • Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Du har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
  • Du har evne til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Du har evne til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
  • Du er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd.
  • Du er lojal og stabil.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling.
  • Rom for å vere kreativ.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.

Kontaktinformasjon

Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Ulvestadvegen 6
6265 Vatne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4898822191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 02.02.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tenesteområde Butenester, Haram kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted VATNE (Adresse: Ulvestadvegen 6 Postnr: 6265)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-03-2025
Søknadsfrist 02-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6cb205c7-3c5d-4c6d-be45-04f96c6d0d46
IMPORTAPI